Norske studentar er dei rikaste i Europa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg har dei rikaste studentane i Europa, viser Eurostudent-rapporten. Heile 19.604 kroner i månaden skil norske studentar frå landet som kjem dårlegast ut i undersøkinga.

Eurostudent-rapporten viser at norske studentar har i gjennomsnitt 21.876 kroner å rutte med kvar månad, skriv nettavisen Khrono.

LES OGSÅ: Seks av ti unge får hjelp til sin første bustad

Til samanlikning har svenske studentar 18.128 norske kroner og danske studentar 10.428 norske kroner per månad. Inntektene til danske studentar kjem dårlegare ut fordi berre inntekta til heiltidsstudentar er medrekna.

Utanom Noreg og Sverige er det berre sveitsiske studentar som har meir enn 2.000 euro per månad (19.000 norske kroner).

Snittet for Europa ligg på 7.914 norske kroner. Gjennomsnittsstudenten i Armenia, som er på botnen i undersøkinga, må klare seg på 2.278 kroner i månaden.

LES OGSÅ: Trong studentøkonomi i januar? Les dette!

Trass i at norske studentar er på inntektstoppen, meiner leiaren av Norsk studentorganisasjon (NSO), Therese Eia Lerøen, at dei treng meir pengar.

– Ein må sjå desse inntektene opp mot levekostnadane der ein bur. Dei er mykje høgare i Noreg enn i for eksempel nabolanda våre, seier ho. (©NPK)

Les fleire saker om privatøkonomi her!