– Norske selskap bidrar til okkupasjonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg såg ikkje mor mi på 27 år. Då eg møtte henne i Bergen under prisutdelinga, kjende eg henne ikkje igjen, seier den prisvinnande Sidi Mohamed Daddach.

Dette er fjerde gongen han er i Bergen etter han Raftoprise i 2002, men første gong han har tid til å sjå seg litt om. Som mange frå Vest-Sahara har Daddach lite å leve av, og får økonomisk hjelp av vener. Folket i Vest-Sahara blir konsekvent heldt utanfor arbeidsmarknaden av marokkanarane, som okkuperer området.

– Det er lite å leve av, og ein dårleg resurssituasjon. Viss du ikkje støttar okkupasjonen, lukkar dei alle dørene til inntekt.

Frå og med 1975 var Marokko og Den saharawiske arabiske demokratiske republikk (SADR) i geriljakrig, ein krig som vart avslutta med våpenkvile i 1991. Etter våpenkvila har Marokko kontrollert tre fjerdedelar av territoriet. Dei fleste saharawiane lever i flyktningleirar i Tindouf-provinsen sørvest i Algerie. Frigjeringsrørsla Polisario krev råderett over heile området.

– Sidan okkupasjonen har om lag 50 politiske aktivistar blitt fengsla, men mange hundre blei kidnappa, og har aldri blitt funne igjen, seier Daddach.

LES OGSÅ: Norske studentar deportert frå Vest-Sahara

14 år på dødscelle
Allereie som ung mann blei Daddach politisk aktivist. Som så mange andre ønskte han seg eit fritt, uavhengig land etter at det spanske koloniherredømmet var over.

Dei 24 åra i fengsel blei tunge. Tortur var ikkje uvanleg. 14 av dei åra var på ei dødscelle.

– Mange av menneska ved sidan av meg blei henta om natta og tatt livet av. Det hende om kvelden. Kvar ettermiddag sat vi redde for lydar i fengselet, seier han.

I 2001 vert det starta ein internasjonal kampanje der fleire humanitære organisasjonar kravde at Daddach og andre politiske fangar skulle gå fri. Då han blei lauslaten, kom det som eit sjokk.

– Det hende midt på natta. Eg hadde ikkje sett natta på 24 år, og svima av. Alle dei åra hadde vore korkje liv eller død.

Spanske aviser samanliknar Daddach med Nelson Mandela, som sat fengsla i 27 år. – Eg er audmjuk over å bli samanlikna med Mandela, seier Daddach. Til venstre: leiar av internasjonalt utval i Hordaland Ap, Olav Terje Bergo, og tolk Asria Taleb Mohamed, som er tilsett i Støttekomiteen for Vest-Sahara.

Ser norske skip i Vest-Sahara
I dag er Daddach eit kjend namn i Vest-Sahara. Han har dedikert livet i fridom til menneskerettar, og jobbar framleis for eit fritt land.

– Vi krev at folkerøystinga som skulle skje i 1991, blir gjennomført, men på fredeleg vis. Uheldigvis nektar Marokko å akseptere fredelege løysingar. Dei har avslått ei open folkerøysting. FN og fleire land har lagt eit enormt press på Marokko, utan hell.

Det skuldast ifølgje raftoprisvinnaren mellom anna at fleire land har økonomisk interesse i området.

– Vi ser stadig vekk norske skip, og særleg frå Hordaland. Desse bidrar til okkupasjonen fordi Marokko sel Vest-Sahara sine ressursar, meiner Daddach.

LES OGSÅ: – Politiet kastar murstein på barn

– Det finst ingen universitet i Vest-Sahara. Vi møtte sveltetreikande studentar som kjempa for å få studere i Marokko. Saharawiene blir diskriminert i utdanningssystemet og i arbeidslivet. Foto: Thea Willcoh Njaastad

Studentar kasta ut
I januar drog ei gruppe studentar frå Bergen til Vest-Sahara, for å vise si støtte til saharawienes rett til folkerøysting. Men dei blei straks kasta ut av området. Thea Willoch Njaastad (bildet), nestleiar i SAIH, kan fortelje om svoltestreikar og diskriminering mot saharawiane:

– Første gong eg var i Vest-Sahara blei vi tett følgt at politiet. Men i 2016 blei vi stoppa av væpna politi på grense mellom Marokko og Vest-Sahara. Dei meinte at vi kunne gå oss vill, at vi ikkje ville få det hyggeleg, og at det var ulovleg å ta imot politiske besøk, seier Njaastad.

Ho meiner at det er svært enkelt å ta stilling til konflikten.

– Marokko nektar for at Vest-Sahara er eit eige land, og det er krystallklart at dei bryt folkeretta. Saharawiane lever utan ytrings- og organisasjonsfridom, der fredelege demonstrasjonar blir slått ned på med politivald.

– Første gong eg var i Vest-Sahara, i 2015, møtte eg Sidi Mohamed Daddack. Han har mange sterke historier, seier student og organisatorisk nestleiar i SAIH, Thea Willcoh Njaastad. Foto: Thea Willoch Njaastad

Kva Norge kan gjere
Daddach trur det herskar låg kunnskap om konflikten, mellom anna fordi journalistar og andre ikkje slepp inn på området.

– Dette er ei historie om eit folk som har lidd i 40 år. Mange måtte flykte, og andre måtte vere igjen og kjempe.

– Kva kan Noreg gjere for å hjelpe Vest-Sahara? spør leiar av det internasjonale utvalet i Hordaland Arbeidarparti, Olav Terje Bergo.

Regjeringa og politiske parti kan krevje Vest-Saharas sjølvstende, og selskapa som gjer forretningar i territoriet med Marokko bør stanse si involvering.Økonomiske sanksjonar er gode, fredelege løysingar, seier han, og oppmodar folk om å boikotte marokkanske produkt.

Her kan du sjå Thea sitt møte med Daddach i 2015: