Norske fjordbygder banar veg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Over heile verda er reiseliv den største trusselen mot verdsarvområda. Samtidig er det også den største moglegheita til verdiskaping i dei same områda. Gjennom samarbeidet med Unesco kan me bli ein pilot for korleis det går an å utvikla ei berekraftig forvalting av slike område, seier Hanne Lykkja.

Ho er leiar for eit prosjekt om besøksforvalting og lokal samfunnsutvikling for Vestnorsk Fjordlandskap. Det vil seia områda i og rundt dei to fjordområda som for ti år sidan fekk plass på verdsarvlista til Unesco.

Prosjektet er det første i sitt slag og omfattar både turistar frå inn- og utland, kommunane i området, reiselivsnæringa, lokale lag og foreiningar. Målet er å finna ein balanse mellom å ta vare på viktige verneverdiar, gje dei besøkjande gode opplevingar og auka den lokale verdiskapinga.

LES OGSÅ: Ordførarar trur på gull av gråstein

Kartlegging av kundereiser
For å få meir informasjon om turistane som kjem på besøk til området i og rundt Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, har forskarar i sommar gjennomført ei stor spørjeundersøking.

I undersøkinga har turistane fått spørsmål om alt frå kva som gjorde at dei bestemde seg for å reisa til Vestlandet og fjordane – til korleis dei overnatta, kva attraksjonar dei har besøkt og kor mykje pengar dei har brukt. Dei har også fått spørsmål om verdsarvstatusen hadde noko å seia for val av reisemål og kva som skal til for at dei eventuelt kjem tilbake.

– Me ønskte å forstå heile kundereisa til dei som kjem på besøk til oss, forklarer Lykkja om bakgrunnen for spørsmåla.

Mange av dei spurde var cruisepassasjerar. For desse var det utvikla eit eige skjema. Besøkjande til Aurland/Flåm/Gudvangen/Stalheim fekk derimot litt andre spørsmål. Det same gjorde turistar i Geirangerområdet. For å få svar på lokale stader og attraksjonar blei det også laga skjema med lokale tilpassingar for Vik og Lærdal.

Til saman er det så langt kome inn rundt 3.000 svar.

– I tillegg har over halvparten sagt ja til at me kan få lov til å senda dei spørsmål på e-post når dei kjem heim. Det er eit svært bra grunnlag. Då har me stort nok materiale til å rekna på kva reiseliv me skal satsa på, seier ho.

Initiativtakarane samarbeider i tillegg med to andre forskingsprosjekt om andre sider ved turisme og reiseliv.

– Dette gjer at me får ein svært god synergi mellom dei ulike prosjekta, seier Lykkja.

LES OGSÅ: Rjukan og Notoddens industrihistorie på UNESCO-liste


Prosjektleiar Hanne Lykkja håpar prosjektet skal gjera folk i lokalsamfunnet meir medvitne og stolte av det dei har å by på i reiselivssamanheng. (Foto: Gøran Johansen / Aurland Naturverkstad) 

Lokal mobilisering
I tillegg til undersøkinga blant turistane legg metoden stor vekt på å involvera folk i lokalsamfunnet. Lokalkjende personar har mellom anna teikna ned på kart kva område som eignar seg for ulike typar opplevingar og aktivitetar i dei ulike bygdene. Det har også vore halde folkemøte der lokalbefolkninga har fått kome med forslag til forskarane om kva dei ønskjer å vita meir om.

– Me diskuterer kva som skal til for at me kan få eit reiseliv som både er slik at me som bur her kan leva med det, at det kan bli ein levedyktig økonomi i det – og at det samtidig er innanfor det landskap og miljø toler, seier Lykkja.

For å finna ut av det siste blir det gjort eigne analysar av landskapet.

– Når me samanstiller alle desse opplysningane og ser kva slags landskapskarakter dei ulike områda har, kan me seia noko om kva slags opplevingar me best kan leggja til rette for, kva type reiseliv som eignar seg dei ulike plassane og korleis me skal formidla verdsarven på ulike stader. Gjennom eit mykje større spekter av opplevingar vil me vil prøva å treffa fleire typar turistar og unngå å selja vaflar og rømmegraut alle plassar.

LES OGSÅ: Kallar katastrofefilm «realistisk»

– Bevisstgjering det viktigaste
– Så dette handlar mykje om bevisstgjering?

– Ja, det handlar mykje om å vera bevisst, ta medvitne val og syne korleis kommunane kan ta ei meir medviten rolle som utviklingsaktør, seier Lykkja.

Ho håpar arbeidet skal føra til at lokalbefolkninga får eit nytt blikk på eigne ressursar og blir meir stolte over det dei har å by på. Auka kompetanse og medverknad er andre viktige stikkord.

– Det dreier seg om å bli skikkeleg bevisst på korleis me kan få fram det beste me har og som andre ikkje har, seier ho.

LES OGSÅ: – Aktive feriar er i vinden

Stor overføringsverdi
Etter kvart er målet at arbeidet skal munna ut i ein bruksretta reiselivsplan eller forvaltningsplan.

– Det me ønskjer å få til er på ein måte ein slags samfunnsplan. Planen inneber at alle som skaper dette kulturlandskapet må vera med å forstå rolla si. Me må prøva å få til noko som løftar i flokk, for me forvaltar dette verdsarvområdet saman, seier Lykkja.

Initiativtakarane meiner prosjektet har stor overføringsverdi til andre stader og har fått støtte både frå Forskingsrådet, Miljødirektoratet og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei samarbeider med Aurland Naturverkstad, Vestlandsforsking, Transportøkonomisk institutt, Noregs miljø- og biovitskaplege universitetet på Ås, og Universitetet i Stavanger. Unesco-hovudkontoret i Paris følgjer arbeidet med interesse.

– Metoden eignar seg for planlegging og utvikling av både små og store reisemål, uavhengig av kor mykje turisme området har, seier Hanne Lykkja. (©NPK)