Norske elevar på droppe-toppen

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg på droppe-toppen

I Noreg gjennomfører berre 57 prosent av elevane vidaregåande skule på normert tid. Gjennomsnittet for landa i rapporten er 70 prosent. Noreg kjem som nummer 21 av 25 land, med Japan og Korea på topp og Island på botnen.

Rapporten samanliknar også gjennomføring av vidaregåande skule to år etter normert tid. Også her kjem Noreg langt ned på lista.

I alle landa gjennomfører fleire jenter skulen enn gutar, men Noreg har den klart største forskjellen på jenter og gutar av OECD-landa i undersøkinga. I Noreg ligg talet på jenter som fullfører vidaregåande 18 prosent høgare enn for gutar, medan OECD-gjennomsnittet er 8 prosent.

LES OGSÅ: Kvifor aukar forskjellane i skulen?

Innvandrarar gjer det bra
Men rapporten byr også på lyspunkt: Norskfødde innvandrarar gjennomfører vidaregåande opplæring i mykje større grad enn første generasjons innvandrarar, og nesten på nivå med etnisk norske.

OECD-rapporten viser også at innvandrarar i Noreg i mindre grad er konsentrert i såkalla vanskelegstilte skular, enn dei er i andre OECD-land. Vanskelegstilte skular er definert som skular der mange av elevane har foreldre med låg utdanning.

LES OGSÅ: Skulane sviktar mobbeoffer

Låg sosial mobilitet
Samstundes er det mindre sannsynleg i Noreg enn i andre OECD-land at unge med lågt utdanna foreldre tek høgare utdanning. Den stigande sosiale mobiliteten er med andre ord relativt låg i Noreg, og lågare enn i andre nordiske land.

Rapporten «Education at a Glance» er den årlege indikatorrapporten frå OECD for utdanningssektoren. Det samanliknar tilgjengelege data om ressursar, deltaking og resultat av utdanning mellom industrilanda som er med i OECD. (©NPK)

Kva skal til for at fleire skal klara å fullføra vidaregåande?