Norsk stølsturisme i Berlin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Grüne Woche er den første store aktiviteten for det nye nettverket, seier dagleg leiar i Hanen Bernt Bucher-Johannessen til Nynorsk pressekontor.

Det er Hanen og Norsk seterkultur som står bak planane om det nye stølsnettverket og promoteringa i den tyske hovudstaden. Hanen er næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg.

LES OGSÅ: Brimi Sæter til Berlin

Åtte utvalde stølar
– Hovudmålet med samarbeidet er å skapa eit nettverk blant norske stølar og marknadsføra norsk stølsturisme. Vi ønskjer med dette samarbeidet å auka den internasjonale interessa for stølar som ein viktig del av spennande opplevingar i Noreg, seier Johannessen.

Han meiner stølsturisme byr på mange unike møte med det norske.

Til saman åtte utvalde stølar frå Sogn og Fjordane, Hedmark, Oppland og Vestfold er med i samarbeidet.

– Dette er stølar som har sagt seg villige til å gjera ein ekstra innsats og leggja spesielt til rette for turistar, seier han.

LES OGSÅ: 2016 kan bli gullår for reiselivet

Ny vår for stølsdrifta
Skjerdal stølsysteri og Café i Aurland er ein av dei åtte utvalde stølane. Anne Karin Hatling, som driv bruket saman med familien, helsar det nye stølsnettverket velkommen.

– Det er bra med ein ny vår for stølsdrifta. Å blåsa nytt liv i stølsdrifta kan modernisera måten å tenkja landbruk på, seier ho og peikar på at det finst mange flotte og spennande stølsbedrifter rundt om i Noreg.

Sjølv har Skjerdal stølsysteri og Cafe eit godt samarbeid med Fjordsafari i Flåm. Etter guida turar på fjorden følgjer guidane turistane opp til stølen der dei får smaka på stølsmat og heimelaga ost i mange variantar.