– Noregs finaste festival

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Porten.no!

I storslått natur på Eidsbugarden sto han, Kvelertak-vokalist Erlend Hjelvik, då han slo fast at Vinjerock er Noregs finaste festival.

Kvelertak er eit av Noregs fremste metal-band, dei har turnert saman med nokre av verdas største band og vitja det som er å vitje av profilerte festivalar. At Hjelvik tykkjer Vinjerock er Noregs finaste festival, tykkjer ikkje presseansvarleg Silje Josten Lien er merkeleig.

– Vinjerock er god stemning, fengande musikk og flotte turopplevingar i storslått natur, kva meir kan ein drøyme om?

Variert program
I år er det ti år sidan Vinjerock gjekk av stabelen for fyste gong, og arrangørane fortel at den populære festivalen med det varierte programmet kjem til å halde fram i mange år til.

– Det skal ikkje vere naudsynt at ein elskar lange løp eller seige fjellturar for å finne aktivitetar som passar ein under Vinjerock. Dette er ikkje ein ekstremsportfestival, målet vårt er kort og greitt at alle skal kose seg og tenke at Vinjerock er noko som passar for alle.

I høve jubileumsfeiringa vart det lansert eit aktivitetsprogram fullt av godbitar, deriblant padlekurs, gokarkurs, kurs i fyrstehjelp og toppturar i fleng. Men også nye tilskot var å finne på programmet, som sankesafari, singeltur, matlaging på primus og naturfoto. Målet er at alle skal kunne finne aktivitetar som passar dei, noko Lien meiner at årets program speglar.  

Også på musikkfronten finn ein musikk som famnar om eit breitt publikum. Totalt spelar 25 små og store artistar på tre ulike scener i løpet av festivalhelga, og i år vert festivalen vitja av kjende artistar og band som Aurora, Bendik, Kvelertak, Lars Vaular, STAUT og Bjørn Eidsvåg.

Artikkelen held fram under biletet

Erlend Hjelvik, Kvelertak-vokalist

KVELERTAK: Erlend Hjelvik, vokalisten i det verdskjende bandet, er ikkje åleine i å meine at Vinjerock er Noregs finaste festival. Foto: Sunniva Øvstetun

Ettertrakta festival
At Vinjerock er ein ettertrakta festival er det ingen tvil om. Då bilettane vart lagt ut for sal i desember vart dei rivne vekk på berre ti sekund. Alle dei 3000 bilettane forsvann på eit blunk, og dersom ein ynskte seg billett etter dette måtte ein anten kjøpe av andre eller melde seg som frivillig

At årets Vinjerock vart seld ut på kort tid, har arrangørane fått merke i pågangen på frivillige som ynskjer å hjelpe til under festivalen.

– Bilettane til årets festival vart utseld på rekordtid, og det var diverre mange som ikkje fekk billett. Me opplever at mange av desse har meldt seg som frivillie istadenfor, og såleis får oppleve festivalen likevel! For oss vert dette ein vinn-vinn situasjon, og me er veldig glade for alle dei flotte frivillige som stiller opp.

Ingen plan om utviding
At bilettane til festivalen vert seld ut på ti sekund tyder på at det er fleire vinjerockarar enn det er bilettar. Lien fortel til porten.no at arrangørane likevel ikkje har planar om å utvide festivalen med fleire bilettar.

– Sjølv om festivalen berre går over nokre få dagar i året er det stor slitasje på området me får lov å disponere. Det er viktig for oss å ta vare på den flotte naturen kring Eidsbugarden, og me ynskjer ikkje å utvide å større slitasje.

Den geografiske plasseringa til festivalen set og ein stoppar for planar om utviding, då området er fullt utnytta sånn festivalen er i dag. Logistikken hadde også vorte eit problem dersom arrangørane skulle tatt høgde for endra fleire vinjerockarar, så presseansvarleg seier seg nøgd med festivalen sånn den er i dag.

–  Med 3000 selde bilettar, samt frivillige, hjelpekorps og sponsorar er det nok folk på Eidsbugarden samstundes. At det er eit avgrensa tal bilettar bidreg også til å gjere festivalen litt eksklusiv. Eg gler meg allereie til Vinjerock 2017! avsluttar Lien.