Noregs eldste ku er død

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Kvinnheringen

I november ville ho fylt 21 år. Men så langt kom ho ikkje, Skeivhodno, for onsdag for halvanna veke sidan vart ho sendt til slakt. Det skriv Uskedalen.no, som fortel at kua måtte slaktast medan ho enda var frisk og kunne gå. Kvinnheringen besøkte kua med dei skeive horna og eigar Johannes Hauge i mai, og fekk då bli kjent med ei ku og ein bonde med eit heilt spesielt band mellom seg.

LES OGSÅ: Blosom er den høgaste kua som har levd

– Ho er reine vaktkua. Men eigentleg er ho snill som dagen er lang. Ho går mest rundt og et og kosar seg, og når kvelden kjem, går ho tilbake til fjøsen, vipper opp dørkroken med hornet sitt og går inn, fortalde Johannes då.

Anne Guro Larsgard ved Geno SA stadfesta i mai at Skeivhodno var i ein klasse for seg sjølv når det kom til alder. Den førre kua som blei rekna som norges eldste kom ikkje i nærleiken.

Då Kvinnheringen besøkte Johannes og Skeivhodno i mai, var han usikker på kor lenge han kom til å la henne leva. Men vedgjekk at han lenge hadde tenkt på å kvitta seg med henne på grunn av alderen hennar. Rekorden hennar som norges eldste ku vil ho nok få behalda også post mortem, høgst truleg for all tid.

Les den første saka om Skeivhodno her.