Noreg treng bonden!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først hos Bondevenn, Bondelaget sin blogg

Ei kvige som kalva i natt blei mjølka for første gong med maskin, ho sto faktisk heilt i ro, det var kjekt, det er langt i frå kvar gong det skjer. Ei nyber som ho får alltid litt ekstra tid, me står og kosar med ho til ho er ferdig mjølka. Ein sau fekk trillingar og, så det var familieauke alle vegar på garden i dag, og alt gjekk fint.

LES OGSÅ: Framtidstankar frå framtidsbonden

Det er eit godt liv dette, tenkte eg, spesielt på denne tida av året. Det spirer og gror, nytt liv i alt. Ambisjonane blir større, og eg har allereie sådd ymse grønsaker inne til forkultivering, og mistenker at eg har sådd over evne, men eg har trua, det er jo vår. Eg føler meg heldig, at interessene og hobbyane mine går hand i hand med yrket eg er på veg til å tre inn i.

Me bur på Fjelbergøy, ei lita øy heilt sør i Kvinnherad kommune. Me driv med mjølkeproduksjon, ein svært krevjande jobb, ein livstil. Planen er at eg og bror min skal overta etter far vår om ikkje alt for lenge. Med å vera to så vil me få større moglegheit til fritid, og det vil lette mykje av arbeidet. Det er planen, men ein del skal enda spikrast før den tid. Eg har valt å vera med å jobbe her før overtaking, for å kjenne på kvardagane og for å læra, og jammen er det mykje å læra. Eg tør ikkje å kalle meg bonde, enda. Det ligg for mykje i den tittelen til at eg tør, alt ein bonde kan og skal kunna, eg har langt igjen.

LES OGSÅ: Aarebrot: Bøndene må få reell streikerett

På min button i ”finn din indre bonde-kampanjen”, valde eg framtidsbonde. For det er jo det eg er, framtidsbonde. Skal bli bonde i framtida. Eg har tru på framtida, ekstra stor tru nå på våren. Og godt er det, for våren er og tid for landbruksforhandlingar, då må me ha tru på framtida, og kjempe for den. Med dagens regjering er det spennande, og ikkje spennande på den kjekke måten. Eg føler dei tenker kortsiktig og lite framtidsretta. Nokon forandringar kan vera bra, men då må ein velje dei rette forandringane, dei som er bra for framtida.

Historie er og ein del av meg, oss og garden, røtene våre er djupe, og familien vår har vore på garden så langt me har klart å lese, sidan midten av 1600-talet, og før, men det var der boka me leste i stoppa. Og med det i bagasjen spør mange om eg gjer dette av plikt. Nei, eg gjer det ikkje av plikt, eg gjer det for at eg har lyst til det, for at eg likar det, for at for meg så kjennest det rett. Og eg føler meg heldig som får moglegheita. Måten historia påverkar meg mest på, er at eg kjenner meg stolt, det er stas at me har vore her så lenge og drive garden, syns eg.

Noreg treng bonden. Eg tygg litt på den, er ikkje det eigentlig ei setning som er så sjølvsagt, at me nesten ikkje skulle trenge å seie det høgt? Nei, ho er ikkje det. Ikkje i tida me lev i no. Akkurat i dag, akkurat nå, så meiner mange at Noreg eigentlig ikkje TRENG bonden. Og, akkurat nå, akkurat i dag så er det sant. For akkurat nå er Noreg og nordmenn så rike at me kan kjøpe inn til landet alt me ynskjer og treng. Ein kan for eksempel importere mjølk som har ein nesten uendeleg lang haldbarheit, noko som i mine auger er litt skremmande, men ein kan det, nokon vil til og med finne på å drikke den.

Me tar for oss av ikkje fornybare ressursar, og lar oss blende av det som glitrar. Pengane rår. Men er pengane verdt noko den dagen me ikkje får kjøpt inn mat frå utlandet? Den dagen klimaet har blitt så tøft at store jordbruksområde er udyrkbare? Den dagen land me er blitt avhengig av import i frå nektar oss det, for dei er blitt så mange at dei treng alt sjølve? Den dagen menneske byrjar å døy av lungebetennelse fordi antibiotikaen ikkje verkar lengre? Den dagen me har brukt opp dei ikkje-fornybare ressursane våre? Og det ligg i ordet, dei er ikkje fornybare, er det tomt så er det tomt. Dette vil truleg ikkje skje i mi tid, eg håpar ikkje det. Eg håpar det aldri skjer. Eg ser ikkje for meg at etterkommarane våre vil vera særleg stolte av oss om det går så langt.

Eg tenker at hovudgrunnen til at Noreg treng bonden, må vera Mat. Trygg og kvalitetsikker Mat. Mat vil aldri gå av moten. Me vil alltid ha behov for mat. 3 gonger til dagen, ofte meir, så et folk. Me må ha det, ingen hadde fungert utan. Men dette veit me jo, det er bare ikkje alle som tenker over det.

LES OGSÅ: Viste kvifor Noreg treng bonden

Trygg mat har me så langt i Noreg. Det er ikkje lenger sjølvsagt i alle andre land. Til dømes så er måten og mengda me brukar antibiotika på ein av grunnane som gjer maten vår trygg. Me brukar minst antibioika av alle i landbruket. Me er faktisk best på det her, på verdstoppen, og er det noko me nordmenn likar så er det jo å vera på verdstoppen. Ski-VM er jo ikkje så langt bak i minnet.

Apropos ski-VM, mange av dei største idrettstalenta me har i Noreg er oppvakse på gard, det er jo litt stas. Såg så vidt at nokon drog det inn i debatten om landbruket, at sentralisering og færre bruk vil føre til færre store idrettstalent. Flirte litt av det, men det er kanskje noko i det.

Norsk mat og Kvalitet, ord som syng i øyrene på dei fleste, heilt til dei kjem i butikken og skal betale for det. Kvifor er prioriteringa blitt billeg mat og dyre vesker? Ikkje bare vesker sjølvsagt, det var kun meint som eit bilete på det materialistiske. Mat er blitt så sjølvsagt hos oss, at det har mista meininga si hos mange. Samtidig poppar det opp matblogg etter matblogg, Instagram renn over med bilete av ymse måltid, og det ser ut som folk kosar seg med maten, og samtidig er oppteken av reine produkt, kvalitet og helse.

Og det er kjempebra! Igjen, heilt til dei kjem i butikken, og skal betale for det. Og heilt til bøndene ymtar frampå at dei ynskjer ein kronemesseig lønnsvekst på lik linje med andre arbeidarar. Pengane styrer, eg håpar folkevettet snart overstyrer dei.

Framtida, det er jo det det eigentlig kokar ned til, målet om ei bærekraftig utvikling for framtida.
Me må ta vare på og forvalte dei fornybare ressursane våre, langs fjordar og fjell, i sjø og på land, og levere det vidare i betre stand til våre etterkommarar. 
Det handlar om å ta vare på historie og ressursar. 
Det handlar om beredskap for framtida. 
Framtida for alle, ikkje bare her i vetle Noreg, men på heile jorda. 
Noreg treng bonden. 
Verda treng bonden.

LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje garden