Noreg støttar demokratiet i Tyrkia

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var forsøket på statskupp i Tyrkia natt til laurdag og situasjonen er svært spent.

– Noreg stør opp om den demokratiske valde regjeringa, og oppfordrar til ein rask tilbakevending til demokratiske spelereglar, seier utanriksminister Børge Brende i ei pressemelding.

– Uoversiktleg
Situasjonen i hovudstaden Ankara og Istanbul er enno uoversiktleg. Det vert meldt om mange drepne, derav mange sivile, og mange skadde. Utanriksministeren har uttrykt støtte til den demokratiske valde leiinga i Tyrkia, og oppfordrar alle til å vera tilbakehaldne og å avstå frå valdelege handlingar.

– Det er gledeleg at Tyrkia har verna om demokratiet. Regjeringa ser fram til enno samarbeid med Tyrkia for å forskansa demokratiet og lause dei store tryggleiksutfordringane i Tyrkias nærområde. Oppgjøret vil verta ein ytterlegare test på styrken til demokratiet i Tyrkia, seier utanriksministeren.

– Framover blir det viktig at ikkje det tyrkiske samfunnet vert ytterlegare polarisert. Eg håpar at president Erdogan no nyttar høvet til å byggja bruer med alle dei som har teke avstand frå kuppforsøket: opposisjonen, frie medium og det sivile samfunnet. Det er viktig å senda eit klårt signal om at respekt for menneskerettar, pressefridom og ytringsfridom vil stå heilt sentralt framover for den tyrkiske regjeringa. Dette er verdiar som har vore under press i dei siste åra, slår Brende fast.

Frårår reiser til Tyrkia
Mange nordmenn ferierer no i Tyrkia. Flyplassar og vegar har i natt vore stengt og mange er vorte stranda på flyplassen i Ankara og Istanbul.

Utanrikstenenesta har sett krisestab og jobbar fortlaupande med å kartleggja situasjonen og dessutan yta bistand til norske borgarar med eit akutt behov for bistand.

Utanriksdepartementet rår mot alle reiser til landet som ikkje er strengt naudsynt, og vurderer situasjonen fortlaupande.