Noreg er verdsmeister – igjen!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg er verds- meister – igjen!

I vår fekk eg eit brev frå livselskapet som Dag og Tid nyttar. Dei ville fortelja meg kva eg fekk i uførepensjon om noko skulle gå gale. Den årlege summen var 364.000 kroner. Alderspensjonen min, derimot, ville vera den same anten eg vart ufør eller ikkje. Om eg hadde vore offentleg tilsett eller kona mi hatt ei vanleg eller låg inntekt, hadde eg òg fått over 60.000 kroner i barnetillegg på toppen av uføretrygda.

I alle høve, med eller utan barnetillegg: Om eg vert ufør, kjem eg knapt til å merka nokon velstandsnedgang. Kven syter for at eg får halda oppe levestandarden? Dama i Rema-kassa, den slitne vaskehjelpa, nordsjøpendlaren og dei tilsette i Ørsta stålindustri. Alle desse som heller vil arbeida enn å vera trygda.

I byrjinga av månaden kom OECD med ein statistikk over kva land i verda som overfører mest trygdepengar til folk i arbeidsfør alder; alderspensjon er altså ikkje rekna med. Spania med 20 prosents arbeidsløyse var nummer to. Dei nyttar 4,7 prosent av bruttonasjonalproduktet til trygder, 2,7 prosent vert nytta til uføretrygd og sjukepengar. I gjennomsnitt nyttar OECD-landa 1,8 prosent av BNP til sjuke- og uførepengar.

Vi er best
Noreg var suveren vinnar på OECD-statistikken. Ingen land i verda brukar så mykje av den samla verdiskapinga på overføringar til folk i arbeidsfør alder. Vi nyttar 5 prosent av BNP til uføretrygd, sjukepengar og arbeidsløysestønad. Berre 0,2 prosent av BNP vert nytta til dei arbeidslause, 4,8 prosent, fireogtjue gong­er så mykje som til arbeidsløysepengar, går til folk som har ein eller annan diagnose. Canada, det store sosialdemokratiske samfunnet nord om USA, nytta 1,1 prosent av BNP til sjuke, uføre og arbeidslause. For amerikansk venstreside er Canada eit føredøme og eit land USA bør gjera sitt beste for å likna. Canada nyttar ein femtedel så mykje pengar som Noreg på folk som av ein eller annan grunn ikkje kan eller vil arbeida.

TEMA: Les siste nytt om samfunnsøkonomi!

Kva konsekvensar har desse enorme overføringane frå dei som arbeider til dei som ikkje arbeider? Ein konsekvens er sjølvsagt at stadig fleire nordmenn finn at dei ikkje treng å arbeida. Gjennomsnittsnordmannen har eit av dei kortaste arbeidsåra i verda, likevel har vi dei høgste uføretala i verda. Stadig fleire nordmenn vel, etter berre få år i arbeidslivet, å gå over på uføretrygd. Nær halvparten av dei som går av med pensjon, er uføre når dei når aldersgrensa.

Halvparten av inntektsskatten
Ein annan konsekvens er sjølvsagt skattenivået. Kapitalistane betaler låge skattar i Noreg. Det gjer ikkje arbeidstakarane. Nettavisen har rekna på kor mykje skatt som går med til dei sjuke og uføre. Her er ikkje arbeidsgjevaravgift, moms og særavgifter rekna med. Ein gjennomsnittsnordmann betaler 83.000 kroner i året i inntektsskatt. Neste år vil det gå med 123 milliardar kroner til sjuke, uføre og dei som er på attføring og rehabilitering (mest ingen på attføring kjem i varig arbeid). Med andre ord: All inntektsskatt frå 1,5 millionar norske skattebetalarar går med for å betala for dei vel 700.000 som ikkje arbeider grunna ein eller annan diagnose.

Men dei påstått sjuke og uføre er på ingen måte åleine om å få betalt for å gjera noko anna enn å arbeida. Om lag 240.000 studerer her til lands. Det svarar til fire årskull. Også desse skal finansierast. 1. november frigav SSB ut­­giftsstatistikken til universitet- og høgskular. Ingressen var klår nok: «Driftsutgiftene ved statlige universiteter og høgskoler øker fremdeles. I 2009 var utgiftene på 27,3 milliardar kroner, som innebærer en økning på nær 7 prosent fra 2008.»

I gjennomsnitt kostar ein fulltidsstudent 146.000 kroner i året. Mest går det kuriøst nok til studentane ved Den samiske høgskulen; der vert kvar student subsidiert med 810.000 kroner i året. Veterinærstudentane, som no stort sett hamnar på smådyrklinikkar i byane, kostar elles 484.000 per år. I tillegg til gjennomsnittssummen på 146.000 per student kjem rentesubsidiering og stipenda. Legg vi til rentefrådraga, kostar truleg ein norsk gjennomsnittsstudent 220.000 i året.

Ein million
Lista over folk som får pengar av staten, altså av skattebetalarane, kan gjerast mykje lenger. Men alt i alt er det til kvar tid vel éin million menneske i arbeidsfør alder som får livsopphaldet sitt i hovudsak finansiert av staten og det utan å arbeida i særleg grad. Hadde vi fått halvparten av desse ut i fulltidsarbeid, vil staten truleg hatt opp mot 150 milliardar ekstra til disposisjon. Men noko slikt kjem neppe til å skje. At vi skal få like få trygda eller like få studentar som i 1970-åra, er både ein utopisk og ein reaksjonær tanke i det rådande politiske klimaet. Det såg vi sist då Arbeidarpartiet ville strama litt inn på uførepensjonane: LO sette foten ned.

Kva langsiktige konsekvensar får det at alle som vil, får studera gratis, kva konsekvensar får det at så mange fleire i Noreg enn i andre land kan få uføretrygd og sjukmeldingar, kva konsekvensar får det at så mange i arbeidsfør alder kan velja å leva på staten i staden for å syta for seg sjølv og sine?

LES OGSÅ: Oppmodar til opprør mot bustadpolitikken

Ein paradoksal effekt er at all denne studeringa og trygdinga på mange sett og vis er bra for den samla økonomien i Noreg – i det minste i ei tid. I verda rundt oss har stadig færre land råd til å gje folk som ikkje er i arbeid ein god levestandard. Land etter land skjer dramatisk i budsjetta. Å skjera i budsjetta under ein økonomisk nedtur gjer nedturen større (men til gjengjeld vert truleg oppturen større når den tid kjem, men det er ikkje eit tema her). Takka vere energipengane kan Noreg alltid driva motkonjunkturpolitikk. Det innanlandske forbruket held seg oppe gjennom kriser, og jamvel om industrien då misser konkurransekraft sidan dei må konkurrera om arbeidskraft med ein diger offentleg finansiert sektor, gjev olje og gass oss meir enn store nok valutainntekter i mange år enno.

Folketalsvekst
Men overføringane til dei som ikkje arbeider, har ein annan konsekvens: Noreg opplever noko som knapt noko anna europeisk land opplever: stor folketalsvekst. Sidan vi ikkje har økonomiske kriser, og sidan vi nyttar stadig meir oljepengar, etterspør vi stadig meir av alt, men særleg etterspør vi tenester. Mange, kanskje alle desse tenestene – restaurant, butikk, omsorg, transport – kunne mange av desse som studerer og er på trygd, ha gjeve oss. Men det gjer dei altså ikkje.

Om vi ikkje skjer i bruken av oljepengar og i dei offentlege trygdebudsjetta, vil vi i åra framover få enorme behov for arbeidskraft, særleg ufaglærd. Den arbeidskrafta vil, som ho har gjort dei seinaste åra, kome frå utlandet. I 1990 tok vi mot om lag tusen registrerte arbeidsinnvandrarar. I 2008 om lag 23.000. I tillegg kjem alle dei uregistrerte, familieinnvandrarar, flyktningar og asylsøkjarane.

Frå før har innvandrarane frå den tredje verda ein mykje høgre uførerate enn etniske nordmenn, som igjen har den høgste nasjonale uføreraten i verda. No har vi austeuropearane i tillegg. Gjennom 2008 vart talet på polakkar som tok imot trygd i Noreg femdobla. Leiaren av UDI, Ida Børresen, har gått ut og åtvara mot den komande uførebomba mellom austeuropearane: «Vi er nødt til å gjøre noe», sa ho til Vårt Land i mars. Men «å gjøre noe» vil det vera nær uråd å få til så lenge vi held oppe trygdenivået. Og når andre land skjer i løns- og velferdsnivået, vert Noreg berre meir og meir attraktivt. Alt i dag er uføre- og arbeidsløysetrygdene i Noreg mykje høgre enn lønene i dei fleste andre land.

Min konklusjon er denne: Karusellen kjem berre til å gå snøggare og snøggare. Vi får ikkje kriser, den økonomiske veksten held fram, fleire vert trygda, som gjer at vi må importera fleire, som igjen vert trygda, som igjen gjer at vi må importera endå fleire. Til slutt, langt der framme, om tretti–førti år, når oljekassa er tom, då må vi gjera noko.

«I det lange løp er vi alle døde», sa John Maynard Keynes om alle desse som i mellomkrigstida åtvara mot at auka offentleg pengebruk gjorde alle fattigare på sikt. I det lange løp kjem Noreg til å få dobla folketalet. I det lange løp kjem historikarane til å undra seg over at nordmenn betalte utlendingar for å arbeida for seg, og det samstundes som dei betalte andre nordmenn for ikkje å arbeida.

Les kommentaren til Jon Hustad i Dag og Tid!