Noreg aukar klimautsleppa mens andre land kuttar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste landa i Europa har redusert klimagassutsleppa sine kraftig i perioden 1990– 2014. Litauen kom best ut med ein reduksjon på 59,6 prosent, tett følgt av Romania, Slovakia og Bulgaria, skriv Dagsavisen. Noreg har auka sine utslepp med 2,4 prosent.

– Det er urettferdig å samanlikne desse landa med Noreg, dei har klimautslepp med ein del gammaldags industri, seier Marius Holm som er dagleg leiar i miljøstiftinga Zero. Men også nabolanda våre har hatt ei betre utvikling enn Noreg. Danmark har kutta utslepp med 27,6 prosent, Sverige med 24,4 prosent og Finland med 17,1 prosent.

– I desse landa fører dei ein politikk som kuttar utsleppa, seier Holm og peikar på at Noregs oppkjøp av klimakvotar ikkje bidrar til reduserte utslepp. (©NPK)

Les også:

På Island fann dei ut korleis ein kan gjera CO2 om til stein – eit skikkeleg gjennombrot!

Mai var 13. månad på rad med varmerekord. No slår klimaekspertar alarm.