Nordsjøen er eit skittent spiskammers

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordsjøen er skitten

Saka var først hos Hubro, forskingsmagasinet til Universitetet i Bergen

Nordsjøen er eit grunt og produktivt havområde. Vatnet er varmare og det er mange fleire artar enn i Barentshavet og Arktis, seier professor Arne Johannessen ved Institutt for biologi som arbeider med rekruttering og populasjonsbiologi hos sild.

Han deltek i Hjortsenteret for marin økosystemdynamikk, som samlar marine forskingsmiljø frå fire institusjonar i Bergen (sjå faktaboks).

Nordsjøen er tema for Christiekonferansen 2015, som startar i dag, 29. april.

I Europa er det tradisjonelt dei største artane som blir matfisk. Stor fisk har mest kjøt og gjev best betaling. No kjem det nye tankar om dette, som seier at vi heller bør ha balansert hausting av fiskeressursane, stort som smått. Men slik hausting er vanskeleg å gjennomføre i Europa der vi er vande med å ete stor fisk.

LES OGSÅ: – Ikkje rart at folk har klimafiendtleg åtferd

Golfstraumen styrer
Kor mykje mat som kan hentast opp frå Nordsjøen avheng mellom anna av kor mykje varmt vatn som kjem inn med Golfstraumen.

– Nordlege fiskebestandar som skrei og torsk langs norskekysten trivst med ein liten auke i temperaturen. Men nordsjøtorsken vil få det verre med temperaturauke, fordi planktonsamansettinga endrar seg. Varmare vatn har altså negativ effekt på torsk i Nordsjøen og Irskesjøen. Akkurat no er vi inne i ein periode med mykje varmt vatn, men dette varierer, fortel Johannessen.

I tillegg er miljøgifter, klimaendringar, overfiske, oljeaktivitet og stor båttrafikk menneskeskapte faktorar som spelar inn på produktiviteten i Nordsjøen. ProfessorCorinna Schrum ved Universitetet i Bergen koordinerer eit EU-forskingsprosjekt kalla SEAMAN, der målet er å lage betre modellar for dei ulike faktorane som påverkar økosystema i havet.

Må forstå heile økosystemet
– Utviklinga av havmodellar starta med dei fysiske prosessane i havet: Vi veit ein god del om korleis vind og bølgjer er med på å blande vatnmassar med ulike temperatur og saltinnhald, og dermed påverke spreiinga av næringsstoff. Seinare byrja ein å lage modellar for primærproduksjon, altså kor mykje plankton som blir produsert. Den største utfordringa no er å kople desse to tilnærmingane saman til ein heilskap, seier ho.

For å få til det, har dei starta med dei minste organismane i havet. Planteplankton livnærer seg på lys og på mineral som blir vaska ut i havet. Mengda av planteplankton, og dyreplankton som krill og raudåte, bestemmer kor mykje mat som er tilgjengeleg for artane høgare opp i næringskjeda.

No er forskarane i gang med å finne ut korleis dei ulike fiskeartane blir påverka. Planktonsamansettinga har mykje å seie, stadfestar professor i marinbiologi ved UiB,Øyvind Fiksen. Han har studert korleis fisken tobis veks, avhengig av kva plankton som er tilgjengeleg.

– Tobis er eit viktig mellomledd i økosystemet fordi han et plankton, og blir eten av større fisk som torsk og hyse. Han er også ei viktig råvare for fôr til oppdrettsfisk, og mat for mange sjøfuglartar. Men førekomsten varierer mykje frå år til år.

LES OGSÅ: Det skjulte universet i fjordane

Fisken som lurer forvaltinga
Tobisen skapar problem i forvaltinga fordi det er vanskeleg å vite kor mykje der er av han. Han trivst på sandbotnen der han grev seg ned og gjer seg usynleg. Han et helst større dyreplankton som raudåte. Raudåte er ein nordleg art som likar seg best i Norskehavet, men som også driv med havstraumane inn i Nordsjøen der han blir mat for tobisen som bur der.

– Innstrøyminga av raudåte varierer frå år til år, og dei åra det kjem lite, må tobisen klare seg med sørlege planktonartar som er mindre og inneheld mindre feitt. Resultata våre viser at det får store konsekvensar for kor mykje tobisen veks. Det er vanskeleg å vite kor mykje vår hausting av tobis har å seie oppi desse store naturlege variasjonane. Dei siste åra har det vore lite tobis. Det kan spele ei stor rolle for sjøfuglane og for den større fisken, men vi veit ikkje akkurat kor store konsekvensane er.

Det er slike spørsmål Hjortsenteret skal bidra til å oppklare.

– Det overordna målet vårt er å finne ut kor mykje mat vi kan få ut av havet. Noko av tanken bak senteret er at når så mange av oss ved dei ulike institusjonane arbeider med spørsmål som ligg nær kvarandre, så kan vi oppnå mykje meir dersom i koordinerer arbeidet betre, seier Fiksen, som er ein av initiativtakarane til Hjortsenteret.

Sårbar sild
Silda, som Arne Johannessen forskar på, er ein annan art som treng den rette typen plankton for å trivast. I Nordsjøen finst det fleire bestandar av sild, og dei kan leve om kvarandre. Silda har historisk vore gull verd for dei som lever kring Nordsjøen og langs norskekysten, fordi ho kjem inn til kysten for å gyte etter å ha ete seg feit og fin ute i havet. Der har nordsjøfiskarane og dei norske fiskarbøndene kunna stå klare og fiske han opp. Men både silda og dei andre viktige fiskeartane i dei norske havområda er utsette for store variasjonar som heng saman med både fiske og miljøforandringar.

– Silda har hatt både blømingar og kollapsperiodar. Ofte har overfiske fått skulda for kollapsane, men vi veit det har vore kollapsar før det moderne industrifisket også, så det er fleire faktorar som spelar inn. Den siste store kollapsen hos norsk vårgytande sild, frå slutten av 60- åra til slutten av 80-åra, kom nok først og fremst av hardt fiskepress, men dårleg mattilgang for silda var ei medverkande årsak, seier Johannessen.

Corinna Schrum peikar på at sjølv om vi veit ein god del om korleis dei enkelte fiskeartane lever og oppfører seg, så treng vi meir kunnskap om korleis dei påverkar og blir påverka av kvarandre.

– Vi har ikkje god nok forståing av korleis åtferda til fisken endrar seg når dei andre faktorane endrar seg. Det vil også vere viktig for å kunne seie noko om korleis miljøgifter spreier seg i systemet og hopar seg opp i næringskjeda.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom er klare til å bryta lova for Førdefjorden

Klimaet driv matproduksjonen
Skal ein kunne vite kva framtida vil bringe for Nordsjøen som matfat, treng vi å forstå heilskapen, frå korleis vatnet strøymer, til korleis fisken flyttar seg. Når klimaet endrar seg og blir varmare, vil mange av desse prosessane bli påverka. Tilgangen på næringsstoff i havet avheng til dømes av i kor stor grad havvatnet blir blanda, og det endrar seg med klimaet.

– Plankton treng lys for å kunne vekse, og difor må næringsstoffa bli transporterte med vatnet til dei øvste laga, der lyset kan trenge ned, for å vere tilgjengelege for primærproduksjon. Når havstraumar, temperatur, vind og bølgjer endrar seg, vil produksjonen og samansettinga av plankton også endre seg, men vi veit enno ikkje heilt korleis, illustrerer Schrum.

Målet er at modellane skal kunne brukast til å seie noko om kva som vil skje i framtida, og dermed gjere oss betre i stand til å forvalte dei viktige havområda så godt som råd. Men skal modellane vere til nytte, må dei også kunne seie noko om menneskeleg påverknad på havet.

Nordsjøen er eit område med mykje menneskeleg aktivitet. Der er omfattande olje- og gassverksemd, der går båtar og skip på kryss og tvers, og det blir fiska mykje. Det er planlagt å bygge store vindmølleparkar i sjøen for å forsyne Europa med fornybar energi. Og i tillegg kjem all forureininga som blir skylt ut frå elvene på kontinentet, eller som forsvinn i sjøen ved erosjon.

LES OGSÅ: Kva ville skjedd utan biene?

Den ureine Nordsjøen
– All aktiviteten gjer at Nordsjøen er eit forureina område, og det kjem dessutan vatn ut frå Austersjøen, som er svært forureina, seier Schrum.

Ho nemner mikroplast som eit døme på noko vi manglar kunnskap om.

– Plastprodukt hamnar heile tida i havet, og dei blir brote ned til mikroskopiske partiklar som flyt ikring eller blir tekne opp av organismane i havet. Partiklane har også ein tendens til å tiltrekkje seg andre miljøgifter. Vi veit lite om korleis desse små partiklane påverkar økosystema i havet.

Schrum vonar at modellen skal bli eit ekstra verktøy i kassa til dei som vurderer kor store fiskebestandane er og kor mykje vi kan hente opp på forsvarleg vis.

– Matproduksjonen endrar seg heile tida med klimaet, men det er enno ikkje klart kva menneskeskapte klimaendringar vil føre til. Det vil bli forandring, men ikkje nødvendigvis nedgang i matproduksjonen, i alle fall ikkje i alle havområde.

LES OGSÅ: – Me bør produsera meir frå norsk industri, ikkje mindre