Nordmenn vann nobelprisen i medisin

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk nobelpris i medisin

Nobelprisen i medisin går til John O' Keefe og til May-Britt og Edvard i Moser. Det sistnemnde ekteparet jobbar ved Kavli Institute for Systems Neuroscience ved NTNU i Trondheim. Det skriv Nobelförsamlingen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?

– Fantastisk!
– Kva kan ein sei? Fantastisk! To strekar under svaret. Det fungerer å jobba med kvalitet. Me har ei supergruppe me jobbar saman med. Me har og støtte frå fakultetet, NTNU, politikarar og resten av verda. No har alle fått belønninga si – dei trudde rett!

Det sa May-Britt Moser om å vinna prisen, i ei pressemelding frå NTNU.

Kvar er me?
«Korleis veit me kvar me er? Korleis finn me vegen frå ein stad til ein anna? Og korleis lagrar me denne informasjonen på ein måte som gjer at me umiddelbart finn vegen neste gong?»

Desse spørsmåla startar pressemeldinga, før dei syner til årets vinnarar som har funne svara.

John O'Keefe fann utgangspunktet så tidleg som i 1971. Han såg at ei type nerveceller i hjerna, nærare bestemt i delen som heiter hippocampus, alltid vart aktivert når ei rotte var på ein bestemt stad i rommet.

LES OGSÅ: – Lær eit språk – hald hjernen yngre

Indre GPS
Denne oppdaginga fekk godgjera seg nokre år, før ekteparet Moster fann resten av systemet. I 2005 oppdaga dei ei anna gruppe nerveceller som saman med oppdaginga til O'Keefe utgjorde eit koordinatsystem i hjerna – ein indre GPS.

Begrunninga for at akkurat O'Keefe og Moster-paret vann Nobelprisen var då klar – dei løyste ei gåte forskarar har lurt på i lang tid.

LES OGSÅ: Are Kalvø: Hjernen er ledig

Første norske på ti år
Det er første gong sidan 2004 at nordmenn har vunne ein nobelpris, ifølgje NRK. Den gong var det Finn E Kydland som vann nobelprisen i økonomi.

– Dette er heilt fantastisk. Folk er heilt ekstatiske, seier pressesjef ved Kavli-instituttet, Hege Tunstad, til NRK.no

LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn