Nordmenn redd for å bli smitta av flyktningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redd for å bli smitta av flyktningar

– Nokre har ein del fantasifulle bekymringar, som at seta på bussen skal bli infisert av smittsame sjukdommar. Enkelte har begynt å bruke hanskar, seier overlege Trude Arnesen ved avdeling for infeksjonsovervaking i Norsk folkehelseinstitutt til NRK.

LES OGSÅ: Biblioteka satsar på syriske flyktningar

Så langt i september er det komme 2.800 flyktningar og asylsøkjarar til landet. Den auka tilstrøyminga fører til auka bekymring, men det er det ingen grunn til, roar Arnesen.

– Det er ingen spesielle forholdsreglar ein treng å ta. Flyktningane ber ikkje med seg nokon sjukdommar som vi ikkje har i vår flora allereie.

Trass forholda undervegs langs fluktrutene, er ikkje dei som kjem sjukare enn nordmenn flest.

– Vi veit at det er dei friskaste i eit folk som migrerer. Det er dei som har krefter og ressursar til å klare ei slik reise, forklarer ho.

Hennar tilråding er like enkel som den er velkjend: Følg dei ordinære vaksinasjonsprogramma og dei generelle råda, som å ha god handhygiene. (©NPK)

LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt