«Nordmenn er verdas lukkelegaste. Men det er mest på innsida»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne veka blei årets World Happiness Report publisert, ein rapport som viser verdas lukkelegaste land, og jammen stakk ikkje Noreg av med topplasseringa. Sjølv meiner eg det er eit ganske morosamt konsept for ein rapport, og tykkjer i utgangspunktet det er hyggeleg å tenkje på at FN bryr seg så masse om verdsborgarane si lukke, at dei til og med er villige til å bruke ressursar på å sjekke kor lukkelege me eigentleg er. Likevel blir det sjølvsagt endå hyggelegare når Noreg går rett til topps.

Det aller morosamaste, tykkjer eg, er at det blir ein slags global konkurranse om å vere mest lukkeleg. Ein koselegare konkurranse skal ein leite lenge etter. No er det ikkje sikkert at alle land bryr seg like mykje, men fleire norske media har trass alt omtalt «sigeren», så eg vil påstå at det i det minste er viktig for nokon. For kven skulle tru at Noreg kom til å gå heilt til topps? Ikkje eg, det må eg innrømme. Ikkje fordi eg nødvendigvis har inntrykk av at nordmenn er så ulukkelege, men eg må innrømme at lukka ikkje er så tydeleg utanpå, som den tydelegvis er inni.

Dersom ein tek ein liten tur ut på gata i Noreg, får ein ikkje inntrykk av at det er flust med lukkekjensler blant folket. Nordmenn flest rettar aller helst blikket ned, og ser minst mogleg på andre menneske. Augekontakt er i alle fall uaktuelt. Som oftast er det mobilen som får merksemd, men stort sett er til og med asfalten meir interessant enn menneska rundt.

I tillegg er nordmenn meistrar i å kommunisere utan ord. Etter å ha budd i hovudstaden sidan august, ein periode då bilnøklane har fått henge i fred i nøkkelskapet og Ruter-billetten har blitt min beste venn, har eg enno ikkje opplevd å måtte seie frå til sidemannen dersom eg skal av bussen, trikken eller t-bana på neste stopp. Det held å røre litt på seg, ta opp sekken, vise at ein gjere seg klar for å forlate det aktuelle transportmiddelet – og sidemannen oppfattar bodskapen perfekt. Eit kommunikasjonssystem eg set meir og meir pris på, særleg som litt morgongretten student.

LES OGSÅ: 9. mars i år kom Inger Helgestad ut av skåpet – som feminist

Nordmenns forhold til smiling, er sjølvsagt også interessant. Eit smil er generelt sjeldan vare når ein går ute på gata i Noreg, og er i alle fall utenkjeleg dersom ein ikkje kjenner mottakaren. Å smile til framande er ei overskriding av alle moglege sosiale normer, og er noko ein unngår mest mogleg. Resultatet blir dermed at alle går rundt og ser litt surare ut enn dei eigentleg er.

Samtidig skal eg no passe meg litt, og ikkje vere for stor i kjeften eller for ivrig på tastaturet – for eg er akkurat lik sjølv. Sjølv om eg skulle ynskje eg var flinkare til å smile til andre, og sjølv om eg ein gong hadde eit prosjekt om å bli betre på nettopp det, så har eg såpass sjølvinnsikt at eg innrømmer at det ikkje gjekk heilt som planlagt. Eg er trass alt nordmann (dersom det går an å skulde på det), og føretrekker å halde meg for meg sjølv.

Likevel, dersom eg tenkjer meg om, så er det kanskje like greitt at nordmenn er meir lukkelege inni enn utanpå. For om alle medlemmar av verdas lukkelegaste folk skulle vise lukka si fullt ut på gata ein heilt vanleg dag, så kunne det fort blitt for mykje av det gode. Dersom eg, som litt småtrøtt og morgongretten student, skulle møte på 50 smilande og overlukkelege menneske på veg til universitetet ein måndags morgon, som alle ville stoppe og slå av ein prat, så ville eg snudd og gått heim. Dessverre.

Likevel skal eg, neste gong eg går på Karl Johan, tenkje på at dei fleste eg går forbi er lukkelege inne i seg. Faktisk så lukkelege at det til saman kvalifiserer til verdas lukkelegaste land. Det er noko å bli lukkeleg av.

Få også med deg denne: Kvifor er det så vanskeleg å skilje seg ut og vere seg sjølv?, spør Anne Sofie Ekeland Valvatne