Norden satsar på kultur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her arbeider flest med kultur

Danskane er dei som brukar mest på kultur, ifølgje tal frå EU som nettstaden EUobserver legg fram. Danskane brukar om lag 5,5 prosent av samla forbruk på bøker, filmar og andre kulturelle ting, og dei går oftare på kino enn nokon andre i Unionen.

Sverige og Finland har flest kunstnarar og forfattarar av EU-landa om ein ser saman med innbyggjartalet.

LES OGSÅ: Her bruker dei mest på kultur i Noreg

Men det er landa utanfor EU, Noreg og Island som set flest i kultursektoren i arbeid. I Noreg er om lag 2,6 prosent av arbeidsstyrken ein del av kulturbransjen, mens EU-gjennomsnittet ligg på 1,7 prosent.

Det er i Sverige og Finland ein les flest bøker, mens tala og viser at kvinner les fleire bøker enn menn i Europa. Den delen kvinner som les minst ei bok i året, ligg i kvart medlemsland minst 10 prosent høgre enn delen menn, ifølgje EUobserver. (©NPK)

LES OGSÅ: Folk blir rausare av kultur