Nominert til stipend i millionklassen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nominert til millionstipend

Statoil-stipendet er eit musikkstipend innan pop og rock som blir delt ut under musikkfestivalen by:Larm. Stipendet vart oppretta i 2008 av festivalen i samarbeid med Statoil, og er på 1.000.000 kroner.

Stipendet har som formål å gi norske musikktalent større moglegheit til å kome seg ut på dei internasjonale scenene, og blir delt ut til ei norsk gruppe eller artist. Tidlegare vinnarar er Ida Maria, Ingrid Olava, Mathias Eick, Kvelertak og Bernhoft.

Denne veka vart dei nominerte til årets Statoil-stipend presenterte. Gruppa Highasakite der trommeslagar Trond Bersu frå Skjåk er medlem, er éin av dei ti nominerte til stipendet i millionklassen.

LES OGSÅ: Ida Jenshus syng ut

Highasakite spelar musikk i kategorien «indiepop» og slapp debutalbumet sitt i februar 2012. Albumet fekk mellom anna terningkast seks av Dagbladet. Bandet har spelt på mange av landets store festivalar, og har tidlegare vore plukka ut som Ukens Urørt på NRK P3. I 2011 vann dei Musikkprisen på Giske.

Statoil-stipendet blir delt ut på Sentrum Scene i Oslo under by:Larm laurdag 16. februar.

Dei ti nominerte som skal kjempe om årets stipend på éin million kroner er: Highasakite, Mikhael Paskalev, Shining, Ida Jenshus, Young Dreams, Thomas Dybdahl, Truls, Blood Command, Elephant9 w/ Reine Fiske og Monica Heldal.

LES SAKA I FJUKEN!