Rune Belsvik: – Nøkkelordet er oppriktigheit

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Sterke kjensler som er i sving

– Det er ei bok som var veldig viktig for meg å skrive. Men eg har kvidd meg, for det er lett å gjere feil, overdrive eller vere for morosam. Nøkkelordet er oppriktigheit, og det er ikkje alltid lett, forklarar barnebokforfattar Rune Belsvik.

Han er nominert til kritikarprisen som skal delast ut i dag for «Verdas søtaste turist», ei barnebok som snakkar om sex, utan å nemne ordet.

Det er eit tema NRKs bokmeldar Anne Cathrine Straume etterlyser meir av i barnelitteraturen.   

LES OGSÅ: Skreiv vinnarboka då ho vart sjuk

Boka Rune skulle hatt
Rune Belsvik hugsar godt då han som liten gut følte seg uvitande og utanfor. Han visste at noko skjedde i mørke rom, men folk berre fniste og lo då dei skulle fortelja om det. Han følte seg avvist og dum.

– Eg tenkte at om eg ein gong får vete om alt det som skjer, så skal eg fortelje om det. Dette er mi bok til vesle Rune. Hadde eg funne denne boka då eg var ung, trur eg det hadde vore til stor hjelp, forklarar forfattaren.  

«Verdas søtaste turist» er tredje boka om innbyggjarane i Bløygen. Bidger og Esmiluni frå «Verdas mest forelska»lever lykkeleg saman, men Bidger drøymer om å bli far.

Verken Bidger eller nokon andre i Bløygen veit korleis born vert laga. Bøttefanten hjelper Bidger å finne ei gamal bok med oppskrifta. Slik går det til at paret byrjar å prøve seg fram – igjen og igjen, fordi dei likar det.

Ordførar Rosina Myrl vil gjerne ha fleire turistar. Ho oppmodar innbyggjarane til å ta ansvar å lage fleire.

Det heile er illustrert av Inger Lise Belsvik. 

LES OGSÅ: Belsvik debuterer i Operaen

«Eg vil ikkje!»
Rune Belsvik peikar på at seksuelle uttrykk pregar samfunnet vårt i stor grad, og at dette òg er noko born omgås dagleg.

– Det er lett å verte teknisk og snakke om det som naturfag. Det vanskelege er å snakka om kjenslene; korleis det er å hengi seg til nokon, sjalusi, sjenanse og redsla for å kome nær. Det er ikkje berre matematikk, ein må ta kjenslene på alvor, forklarar Belsvik, som har freista å ikkje skrive spekulativt om eit vanskeleg tema.

I tillegg til å skildre gledene og utfordringane med sex, kjem han òg inn på noko av det vanskelegaste: Overgrep.

– Det var viktig for meg å fortelje at det skjer. Eg ville at personen skulle rope: «Ingen bestemmer over min kropp! Eg vil ikkje! Kom deg ut!». Ein ting som verkeleg gjorde inntrykk på meg var då eg høyrde ei dame fortelje ei historie om overgrep ho hadde vore utsett for. Onkelen hennar hadde forgripe seg på ho då ho var lita, men ein dag hadde ho bestemt seg for å seie nei, då hadde han berre gått, forklarar Belsvik, som meiner at forteljingar om overgrep kan gjere det lettare å snakke om.

LES OGSÅ: – For få barnebøker på nynorsk

Både godt og vanskeleg
Ifølgje forlaget Cappelen Damm er målgruppa for boka 12-16 år, men NRKs meldar meiner ho passar best for barn opptil 12 år. Og at ho med fordel kan lesast av vaksne.

– Kva ville du fortalt 12-år gamle Rune om sex?

– Eg ville sagt at dette er litt vanskeleg å snakka om, men eg skal prøva. Vidare ville eg forklart at det er sterke kjensler som er i sving, som kan gjere det litt vanskeleg å vere vaksen òg av og til – at det kan vere både godt og vanskeleg, avsluttar Rune Belsvik.