No vert det meir søndagsjobbing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fire partia presenterte den nye avtalen på Stortinget torsdag.

Forslaget frå regjeringa om å tillate jobbing fem søndagar på rad fekk ikkje gehør hjå samarbeidspartia. Etter forhandlingar med Venstre og KrF blir det no mogleg å jobbe tre søndagar på rad. Den fjerde må du kvile.

LES OGSÅ: Difor streikar Anne Margrethe i dag

Hevar aldersgrensa
Avtalen slår fast at ingen bedrifter kan ha lågare bedriftsintern øvre aldersgrense enn 70 år. 70-årsgrensa for oppseiing etter arbeidsmiljølova blir heva til 72 år.

Arve Kambe frå Høgre er nøgd med at alle partia var einige i alle punkta.

– Med dette sørgjer vi for at terskelen for å komme inn i arbeidslivet blir lågare, og vi sørgjer for at fleksibilitet for dei som er i arbeidslivet blir større, seier Kambe.

Han peikar på at fast arbeid skal vere hovudregelen, sjølv om det blir gjeve generelt høve til mellombelse tilsettingar.

LES OGSÅ: Skuldar arbeidarrørsla for faktafeil

Fast etter tre år
Arbeidstakarar i mellombelse stillingar får rett til fast jobb etter tre år med den nye arbeidsmiljølova, ikkje fire år som i dag.

– Venstre er nøgd med at det blir opna for eit generell høve for mellombelse stillingar, men det er viktig at vi har fått gjennomslag for at makslengda på mellombelse tilsettingar blir redusert frå fire til tre år, seier Sveinung Rotevatn frå Venstre.

Han meiner at mellombels tilsetting kan vere ein god veg inn i arbeidslivet for mange, for eksempel nyutdanna, innvandrarar og personar med funksjonsnedsettingar.

– Men det mellombelse kan ikkje vare for lenge. Avtalen gir småbedrifter i ein vekstfase moglegheit til å tilsetje fleire utan å ta for stor risiko, samtidig som vegen til fast tilsetting blir kortare, seier Rotevatn.

LES OGSÅ: Søndagsope kan bli miljøbombe

Lengre dagar
Dei fire partia er vidare einige om å opne for ti timars arbeidsdagar etter individuelle avtalar.

Den øvre grensa for kor mykje du kan jobbe i ei enkelt veke, blir avgrensa til 50 timar.

Ei gjennomsnittsutrekning over ein periode på åtte veker skal sikre at rammene ein har på månadsbasis og årsbasis blir uendra.

LES OGSÅ: Fryktar søndagsopne butikkar vil svekkja distrikta

Aktivitetsplikt
Den nye avtalen inneber også at det blir innført aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar. Men rapporteringsplikta og dei formelle prosedyrekrava blir mindre omfattande enn forslaget frå regjeringa.

Kommunane kan velje om dei vil gjennomføre aktivitetsplikta sjølve, eller om dei vil sette ut gjennomføringa til attføringsbedrifter, sosiale entreprenørar eller andre.

Samarbeidspartia legg til grunn at eventuelle meirkostnader vil bli kompensert. (©NPK)