– No ser eg kor sterke menneske kan vere

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sterke møte

– Eg vil anbefale andre å søke fordi det er sunt å utfordre seg sjølv, ta ein «reality check» og bruke vår kostbare tid på å hjelpe andre, seier Mari.

Mari Stavdal Nerbøvik deltek i ungdomsutvekslingsprosjektet Sahanor – eit prosjekt som Røde Kors Nordisk UWC driv med hjelp av Fredskorpset Ung.

Sidan januar har ho og Pernille Hjertø jobba for Mercy Centre , ein organisasjon som sidan 1973 har jobba for og med fattige i Bangkok. Mercy Centre har oppretta og driv barnehagar og skular, driv mykje sosialt arbeid, helsearbeid, informasjonsarbeid og gir juridisk hjelp. Fredskorps-volontørane si hovudoppgåve er engelskundervisning for førskulebarn, noko som kan gi barna i slummen ein fordel seinare. Men volontørane får mange andre oppgåver også, som leksehjelp, assistanse av tilsette på Mercy Centre, matdistribusjon, representasjonsarbeid og fysisk arbeid. Det siste kan det bli meir av når dei reiser til sjønomadane i Sør-provinsen for å jobbe med eit Mercy-prosjekt der. Før dei reiser heim blir det trulig også eit opphald blant eit fjellfolk i Nord-provinsen.

I sommar deltok Mari og Pernille på førebuingskurs på UWC i Sunnfjord saman med ungdommar frå Noreg, Tanzania, Thailand og saharawiske flyktningleire i Algerie. På UWC får deltakarane eit lynkurs i engelskundervisning, før dei tek over undervisninga av elevar som forbereder seg på to år på UWC. Fredskorps-deltakarane får også informasjon om staden og kulturen dei skal reise til og diskuterer utfordringar og forventningar.

LES OGSÅ:– Me har mykje å lære om gjestfridom

– Kva er vanskeleg i Thailand?
– Du er sjølv ansvarleg for å ta initiativ for det arbeidet du skal gjere her. Du må vere sjølvstendig og ta ansvar. Språkbarrieren her er stor. Vi må alltid klare oss med mykje kroppsspråk og peiking. Lærarane som vi samarbeidar med kan veldig lite eller ingen engelsk, og vi klarer derfor ikkje å planlegge eller samarbeide mykje med dei.

– Kan du trekke fram ein spesiell episode som er spesielt fin eller vanskeleg?
– Det var ein elev som var veldig sjenert i starten. Han jobbar heile ettermiddagen med mora si på matboda hennar. Han er veldig blid heile tida, men blir litt erta nokre «bøllar» i klassen. Ein dag sat han og venta på mora si som var forsinka for å hente han. Vi inviterte han til å sitje saman med oss å fargelegge, men det var altfor skummelt til å seie ja til. Etter kvart gjekk han likevel med på sitje ved bordet saman med oss og fargelegge. Han er i dag vår største fan, han gliser frå øyre til øyre og vinkar og helsar på oss på fleire språk. I dag kom han og mora og spurte om vi hadde tid til å ha litt privatundervisning med han i helgene, men vi skal reise på laurdag, og har derfor dessverre ikkje høve til det.

LES OGSÅ:Fleire born overlever: – Viser at bistand nyttar

Trur du at de gjer nytte for dykk? I så fall korleis?
– Både ja og nei. Vi kan ikkje redde alle barna her i slummen og gi dei eit betre liv, men vi gjer kvardagen lettare for ein lærar om gongen og har ein større innverknad på dei vi har privatundervisning med, og då er det verdt det.

– Korleis trur du at dette prosjektet vil påverke deg framover?
– Det er vanskeleg å seie. Vi er ikkje halvvegs enno og vi har berre vore her i Bangkok, men vi kjem nok alltid til å vere ekstra takksame for den kvardagen vi har og for oppveksten vår. Samstundes har vi sett ein heilt utenkjeleg styrke i menneske her, og vi er imponerte over det kvar dag. Vi kjem til å hugse den og samtidig ikkje undervurdere kva vi sjølv er i stand til å klare.

Ungdom mellom 18 og 25 år kan søkje på Sahanor-prosjektet innan 30. mars. Få meir informasjon på prosjektet si nettside og Fredskorpset sine sider.

LES FLEIRE SAKER OM STUDIAR OG JOBB I UTLANDET!