No kan laksen smake gris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I gamle dagar sa ein gjerne vondsinna om billeg svinekjøt at det smakte fisk, for då hadde grisen fått billeg sildemjøl. Men etter det dyreproteinprodusentane seier, smakar det verken kylling eller svin om laksen no får moderne produsert beinmjøl frå slakteriavfall i fôret. Ved å halde beinmjølet frå storfe og andre drøvtyggjarar unna, meiner ekspertane også at faren for kugalskap er borte. Oppdrettsbransjen er likevel avventande til å bruke moglegheita som Mattilsynet nyleg opna for.

– Når det gjeld spørsmålet om trygg mat, er det heilt greitt å bruke slikt beinmjøl, men marknaden er skeptisk, særleg i Frankrike, seier Henrik Stenwig, direktør for helse og kvalitet og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening til NTB.

Frå gjødsel til fôr
Regelendringa, som tok til å gjelde førre tysdag, er ei oppmjuking av eit totalforbod mot å gi fisk og avlsdyr kjøtbeinmjøl som EU innførte etter utbrotet av kugalskap i 2001. I mellomtida har det berre vore lov å gje beinmjølet til kjæledyr og oppdretts-pelsdyr. Mykje har dessutan vorte spreidd på jorda som gjødsel.

EU har gått med på å opne for at oppdrettsfisk kan ete kylling- og griseprotein, og vurderer om kylling skal få ete svinemjøl og grisar kyllingmjøl. Det blir stilt strenge krav til produksjonen, og det må vere eigne produksjonslinjer, særleg for å unngå at det skal vere spor av storfe i mjølet.

Ein reknar med at kugalskapen oppstod som følgje av at storfe fekk kraftfôr som inneheldt beinmjøl med protein frå eigne artsfrendar. Sjukdommen smittar mellom storfe og kan også smitte til og vere dødeleg for menneske, då som Creutzfeldt-Jakobs sjukdom.

Fryktar forbrukarmeininga
– Eg tviler på om oppdrettsbransjen vil kaste seg over dette. Dei er nok redde for kva forbrukarane vil meine, seier dagleg leiar Lars Aashammer i Norsk Protein AS.

Selskapet, som blir eigd slakteribransjen, handterer årleg opp mot 200 millionar kilo av slakteriavfallet frå det aukande norske kjøtkonsumet. Bein og skrottar blir kokt og mala til beinmjøl. Feittet blir skilt ut og brukt som tilskot til fôr eller som brensel. Beinmjølet har til no berre vore brukt som fôr til kjæledyr og pelsdyr, eller så har det vore selt som gjødsel til landbruket, då utblanda med kalk – fleire gardbrukarar har nemleg latt seg freiste til å bruke det som ulovleg, men billeg, fôrtilsetjing.

– Vi koker og steriliserer restane i 133 grader under trykk, og det er ingen smak att av verken fjørfe eller gris, seier Aashammer til NTB.

Ikkje nok mat
Oppdrettslaksen krev enorme mengder villfisk. For å få fram 1 kilo oppdrettslaks har det tradisjonelt gått med opptil 5 kilo villfisk. Men denne praksisen trua med å tømme hava for fisk, så i dag et oppdrettsfisken i hovudsak eit vegetabilsk fôr av kveite, mais og ulike planteoljer i tillegg til ein mindre del fiskemjøl og fiskeolje. Forskarane prøver elles ut genmodifisert soya som fiskefõr til laks.

Jakta på protein som kan erstatte det vegetabilske fôret til fisken, er eit kontinuerleg prosjekt, og det kan vere kjærkomme når Mattilsynet no opnar for å gje fiske mjøl av slakteavfall fr gris og kylling,

– Det at ein har gjort kjøttbeinmjøl frå gris og fjørfe tilgjengeleg, er positivt. Når vi er i ein situasjon der dei marine råvarene er avgrensa, er det viktig med alternative råvarer. Slikt beinmjøl er i bruk i verda elles, og mjøl frå Europa blir brukt som fiskefôr i Chile, som sender fisken tilbake til Europa, seier Henrik Stenwig