No kan islandske jenter heite Angelína

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mjukar opp streng namnelov

Innbyggjarane på sagaøya må velje namn på barna sine frå ei liste som styresmaktene har godkjent. Lista blir regelmessig oppdatert med nye namn, på førespurnad frå framtidige foreldre.

Denne veka blei lista utvida med elleve namn, blant dei Angelina, men med skråstrek over i-en for å gjere namnet konsistent med islandsk rettskriving – Angelína. Andre jentenamn som no blir tillatne er Luna og Hofdis, medan det også blir opna for å bruke gutenamn som Eilif, Eyjar og Kiran.

Forstår du íslandsk? Test deg sjølv her!

Oppdraget til namnekomiteen er å vareta barnas beste interesser og sikre at namna er i tråd med islandske tradisjonar og språk.

Islandsk namnetradisjon skil seg frå dei fleste andre vestlege land.

Mange islendingar, spesielt blant den yngre delen av befolkninga, meiner reglane er gammaldagse. Dersom faren til ein gut heiter Sigurdur, får han etternamnet Sigurdsson. Dottera til mannen får etternamnet Sigurdardottir.

I register og telefonkatalogar står islandske namn oppførte med fornamn først, i staden for etternamn.

Framtida til namnekomiteen heng i ein tynn tråd etter at regjeringa i juni la fram eit lovforslag som lèt folk velje namn fritt.

Alltinget skal stemme over forslaget 29. oktober. (©NPK)