No kan du lære om sex på nynorsk og samisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Læremateriell om sex kjem på nynorsk

«Uke 6» er eit gratis undervisningsopplegg som først og fremst er retta mot 1.– 10. trinn i grunnskulen.

Materiellet er utarbeidd av organisasjonen Sex & politikk – Foreningen for seksuell og reproduktiv helse og rettigheter, som ein partipolitisk uavhengig organisasjon. I fjor hadde organisasjonen 1.549 undervisarar som underviste meir enn 118.000 barn, fortel foreininga i ei pressemelding.

Etter mange førespurnader blir no delar av materiellet for første gong tilgjengeleg på nynorsk og samisk. Det nye materiellet tek spesielt føre seg sosiale medium – eit tema foreininga meiner er svært relevant. (©NPK)

Les også: – Folk flest veit for lite om kvinnekroppen, meiner legar

Les også om panfile Rebecca (16) som vil ha betre seksualundervisning i skulen