NHO-sjefen blir klimatopp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg var medlem i den same kommisjonen til han starta som Nato-sjef. Når Skogen Lund no blir ny norsk representant i kommisjonen, er det som følgje av at ho har sagt ja på førespurnad frå Mexicos tidlegare president Felipe Calderon, skriv Dagens Næringsliv.

Skogen Lund veit ikkje korleis namnet hennar dukka opp for kommisjonsleiaren.

– Eg må innrømme at eg blei litt sett ut av spørsmålet. Eg bestemte meg vel eigentleg der og då for å bli med, seier NHO-sjefen.

Kommisjonen «The global commission on the economy and climate» har som mål å vise at det er mogleg å kombinere økonomisk vekst med klimapolitikk. Noreg er eitt av ni land som finansierer arbeidet til kommisjonen.

Skogen Lund åtvarar mot å overdrive i klimakampen.

– Det kan vere vel så uansvarleg klimapolitikk å rope altfor høgt om einsidige klimaomsyn som går på kostnad av økonomien, for det vil til slutt føre til ein kollaps i logikken som gjer at klima taper, seier Skogen Lund, som trekker fram krava om å stengje oljeproduksjonen i Nordsjøen som eit eksempel. (©NPK)