Nei til kostbar matkasting

Eivind Skår
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då eg var liten fekk eg høyre at ein ikkje må kaste mat. Det fekk tydeligvis franske politikarar óg høyre. I mai vart ei ny lov om å gjere kasting mat ulovleg samrøystes vedtatt i det franske parlamentet. Franske supermarknadar har ikkje lenger til lov til å kaste useld, fullt etelig mat. No må slik mat må enten gis til velgjerdsarbeid, eller sorterast som dyrefór. Genialt og enkelt. Her er tre gode grunnar til at dette er god KrFU-politikk, og noko vi burde ha innført i Noreg for lengst:

1) Matkasting er urettferdig

Når ein reknar med industri og handelstand, kaster Noreg 360.000 tonn mat kvart einaste år. På verdsbasis reknar ein dette talet opp mot to milliardar tonn. Ein produserer i dag nok mat til 12 milliardar menneske, men likevel er det stor matmangel mange stader i verden. Vårt overforbruk og matkasting får store konsekvensar.

2) Matkasting er dyrt

Vi vanlege forbrukarar står for to tredjedelar av all mat som vert kasta i Noreg, noko som tilseier 46 kilo – eller kvar 5. handlepose. I følge Matvett.no er det for den jamne forbrukar 15 000 kroner rett ut av vindauget kvart år. I Frankrike, der kvar innbyggjar «berre» kaster mellom 20 og 30 kilo mat i året, har ein potensial for å spare 170 milliardar kroner på å kaste mindre.

3) Matkasting rammer miljøet

At minst ein tredjedel av all mat som blir produsert vert kasta er ikkje berre eit problem for lommeboka, men for verden. Global matproduskjon står for 30 % av verdas klimagassutslepp, og konsumerer enorme mengdar vatn. Matkasting får store klima- og miljøkonsekvensar.

Det er både dårlig folkeskikk og særs kostbart å kaste mat. Det har franske parlamentarikarar skjønt. Har våre stortingsrepresentantar fått med seg det same?