Nei til karakterar i barneskulen

Fredric Holen Bjørdal
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fleire år har det vore ein debatt i utdanningspolitikken om det er rett eller ikkje å innføre karakterar i barneskulen. Høgre og Framstegspartiet ser gjerne at ein innfører talkarakterar frå 5.klasse, og er overtydde om at dette vil føre til ein betre skule. Heldigvis for elevane er det Arbeidarpartiet og den raudgrøne regjeringa som styrer skulepolitikken i Noreg.

Evaluering og tilbakemelding på skulearbeidet er sjølvsagt viktig for elevane si utvikling, men det må vere i ein form som er nyttig for eleven. Eit tal på ein skala frå ein til seks fortel eleven kva nivå han ligg på, og gjev grunnlag for konkurranse og rangering, men det gjev eleven fint lite nyttig informasjon han kan bruke for å bli betre i faget, og om det fins forbetringspotensial. Det er over 60 000 sjuandeklassingar i Noreg. Å byrje å setje karakterar på alle desse vil gje eit meirarbeid for lærarane, som vil gå utover tida dei har til å undervise. Er det ikkje då betre å bruke dei knappe tidsressursane lærarane har, til tiltak med dokumentert effekt, som elevsamtalar og konstruktive, skriftlege tilbakemeldingar? Tid kostar pengar, og må brukast effektivt. For å få til det må vi avbyråkratisere lærarrolla, ikkje gje lærarane enno meir papirarbeid. Lærarane er den viktigaste ressursen i skulen, og dei må få nok tid til å gjere det dei først og fremst skal; undervise.

Det kan godt vere at eg er noko trongsynt, men eg ser ikkje eit einaste brukbart argument for å gje 10-åringar talkarakterar. Det fins ikkje ein einaste forskingsrapport som gjev høgresida rett i at karakterar på barnetrinnet fører til auka læringstrykk og meistring, forskinga seier heller det motsette (t.d. Harlen W. 2004). Når ein i tillegg veit at både lærar-, elev- og foreldreorganisasjonane er mot, slit eg verkeleg med å forstå kvifor høgresida har dette som eitt av sine fremste skulepolitiske verkemiddel, og eg stiller store spørsmålsteikn ved motivet dei har for å innføre det.

Når heile skule-Noreg er mot innføring av karakterar på barnetrinnet veit vi at det vil føre til motstand, støy og uro om det blir innført. Det same var også situasjonen då dei raudgrøne tok over skulen etter høgrepartia i 2005. Gjennom systematisk samarbeid med skulen sine eigne aktørar har vi blitt einige om verkemiddel og tiltak. Det har gitt gode resultat, noko vi mellom anna ser i PISA-undersøkingane, der pila peikar oppover og resultata blir betre og betre. Høgresida vil eksperimentere med tiltak utan positiv effekt og gjere skulen til ei ideologisk slagmark. Den raudgrøne regjeringa er mest oppteken av å gjere kvaliteten betre gjennom kunnskapsbasert skulepolitikk utvikla i samarbeid med elevar, lærarar og foreldre. For meg er valet enkelt når eg skal velje mellom venstre- og høgresida si oppskrift på ein betre skule!