Navarsete med orsaking utan atterhald

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Legg seg heilt flat

Tysdag møttest sentralstyret i Senterpartiet for å behandla eit brev frå sentralstyret i Senterungdommen som omhandlar episoden på Dyrøy. Etter møtet møtte Navarsete og Borch pressa.

– Eg kjem med ei orsaking utan atterhald til Borch. Vi har snakka ut om hendinga og det er gjeve ei orsaking, seier Navarsete.

LES OGSÅ: Harde skuldingar mot Navarsete

Seminar
Det var på eit seminar om ungdomsdemokrati i Dyrøy i Troms 18. september at Navarsete hamna i ein heftig diskusjon med leiar for ungdomspartiet, og skal ha skjelt henne ut. Navarsete strekar under at Senterpartiet ønskjer ein leiarkultur der det er høgt under taket.

– Eg skal arbeida vidare med leiarstilen min og måten eg møter menneske på. Eg ser fram til eit godt samarbeid vidare med Senterungdommen, seier Navarsete.

Borch sa sjølv under pressekonferansen at ho ikkje vurderte å trekkja seg frå stillinga som leiar for Senterungdommen, og at ho godtek orsakinga.

LES OGSÅ: Senterungdommen vil byta ut SV med KrF

Hardt køyrt
Navarsete viser til at ho er vestlending og er klar over at ho har ein direkte stil som kan oppfattast som svært krass.

– Personlegdommen kan ein kanskje ikkje gjera noko med. Eg har temperamentet mitt og frimotet mitt. Det kan ein kanskje ikkje gjera så mykje med. Men korleis ein møter folk, kan ein arbeida med, seier Sp-leiaren.

Ho seier ho gjekk over streken da ho skjelte ut leiar i Senterungdommen Sandra Borch på Dyrøy.

Ho seier episoden blei utløyst av ein avisartikkel, der Borch trekte fram olje- og energiminister Ola Borten Moe som den neste leiaren i Sp når Navarsete går av.

– Debatt om leiarstillinga i det offentlege rommet må ein tåla. Men det blir slitasje når debatten har gått føre seg heile tida sidan eg tok over, rett nok med vekslande kandidatar, sa Navarsete. (©NPK)

Kva tenkjer du om denne saka? Svekkjer ho tilliten til Liv Signe Navarsete? Eller er det storm i eit vassglas?