– NAV-brukarar er nakne i møte med staten

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nakne i møte med staten

UiO-studenten forska på språkbruken i NAV i fjor vår, med mål å finne ut korleis språket kan bli brukt på ein meir demokratisk måte. Som fluge på veggen har ho observert interne diskusjonar om klarspråk, og analysert korleis breva til brukarane blir til, ut frå eit premiss om at den byråkratiske språkbruken kan vere eit demokratisk problem.

– Vi kan ta vare på demokratiske verdiar ved å formulere oss på ein demokratisk måte, forklarar ho, til dømes ved å bruke språket til å vere opne med, eller til å skjule eller tåkelegge informasjon med.

– Det er eit demokratisk problem viss ingen skjønar kva staten og NAV driv med, poengterer Seljeseth, som i september leverer frå seg si masteroppgåve om prosjektet ”Klart språk i staten”.

LES OGSÅ:Ser svart på framtida

– Trur dei forstår
NAV vert ofte omtala som tunggrodd og utilgjengeleg. Er dette noko du er samd med?

–Det interessante er at folk flest opplyser først at dei forstår kva byråkratiet kommuniserer ganske godt. Men når dei vert stilt djupare spørsmål om innhaldet, viser det seg at dei ikkje har forstått bodskapen i det heile tatt.

– Og det er nesten farlegare enn at dei veit at dei ikkje forstår noko som helst, åtvarar ho.

– Bør blir meir tydeleg
Ein grunnleggande demokratisk rett er å ytre seg om vedtak som staten fattar, til dømes klage på NAV-vedtak. Seljeseth meiner det i språket ligg eit potensial for å betre ta vare på NAV-brukaren sine rettar og legge til rette for at brukaren forstår kva dei faktisk kan klage på.

For å betre ta vare på desse rettane, er det visse grep som kan gjerast, ifølgje Seljeseth.

– Noko NAV i større grad kan gjere, er å betre skilje ulike informasjonsbitar frå kvarandre i breva til brukarane. Dei delane som forklarar lovverket som det er, må vere utan atterhald, men så må ein i tillegg vere tydelegare på kva det er i teksten som er vurderingar som kan utfordrast av brukaren. Slik kan folk sine moglegheiter til å klage bli teke betre vare på, meiner ho.

– Det må også bli tydeleg for den som les brevet kven som har bestemt kva, og på kva grunnlag, og kva konsekvensar det får. Noko ein difor har jobba mykje med i NAV, er å skrive såkalla aktive setningar, av typen "Vi har vedteke at du..", i staden for "Det har blitt vedteke at.."

LES OGSÅ: Mange unge ville vore friskare i jobb

– Sårbar maktsituasjon
I 2008 innleia det dåverande Fornyings- og administrasjonsdepartementet "Klart språk i staten", eit samarbeidsprosjekt med Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) og Språkrådet. Målet var å «arbeide med enklare språk og meir tilgjengeleg innhald i offentlege publikasjonar og brev retta mot innbyggjarar.

I forlenginga fekk Seljeseth statens Klarspråkstipend for å skrive mastergraden sin om temaet klart og godt språk i det offentlege. I søknaden kom ho inn på at endringar i språkbruken til NAV kan bidra til ei "maktforskyving" som kan gjere NAV til ein samfunnsaktør som fremjar demokrati i Noreg.

Du meiner at maktrelasjonen mellom forfattar og lesar  i utgangspunktet er "assymetrisk"?

– Ja, det er den ofte uansett kva tid staten henvender seg til borgarane. Dette er fordi det er sakshandsamaren som tek avgjerslene, og det innanfor eit abstrakt regelverk.

– Det gjer deg naken i møte med staten, legg ho til, før ho utbroderar:

– Dette er ein sårbar situasjon, for i motsetnad til hos Vegvesenet eller NRK, der du mottek eit brev om at du må betale årsavgift, må NAV-brukarane legge fram dokumentasjon, fråsegner frå legar og psykologar, og gi relevant informasjon om livssituasjonen sin.

LES OGSÅ:Årets ord: å nave

Person, ikkje sak
Kva brukarar av tenester er det som etter di meining vil lide mest under eit vanskeleg språk?

– I tillegg til dei som av ulike grunnar  har problem med leseforståinga, er det til dømes dei mottakarane av arbeidsavklaringspengar som er i ein økonomisk sårbar posisjon som treng eit klart språk.

Trur du at det å endre språket kan gjere maktrelasjonen mellom sakshandsamar og folk flest "symmetrisk", slik du gir uttrykk for?

– Det er grunnleggande for demokratisk språkbruk i NAV at dei forstår at det som ser ut som ei abstrakt, juridisk sak, faktisk handlar om ein person som presenterer livet sitt.

– Måten ein snakkar med folk på seier noko om kva slags maktrelasjon ein har. Då er det viktig med kva språktone ein legg seg på, fordi ord kan vere med på å utjamne avstand, meiner Seljeseth.

LES OGSÅ:– Barnehagen kan avsløra komande trygdemottakarar

Ida Seljeseth har fått statens Klarspråkstipend for å forska på språkbruken i NAV.

– Vanskeleg å forstå
Det er kanskje eit for ambisiøst prosjekt å skulle gjere om på heile tekstkroppen til NAV på denne måten?

– Det største problemet til NAV er at det er så mange brevmalar å gripe tak i, og så mykje omkringliggande tekst utanom sjølve vedtaket som ein må forholde seg til for å forstå, nikkar Seljeseth.

– NAV jobbar hardt med det å bytte ut fagord, men det viser seg at det ikkje er alle fagord som er lette å skifte ut. Til dømes ordet "aktsomhet", som ikkje kan fjernast, fordi det har ei spesiell og viktig juridisk tyding.

Kva tyder det då, eigentleg?

– Nei, det er nettopp det som er så vanskeleg å forklare, begynner Seljeseth.

– Det betyr ikkje "med vilje", men noko meir, noko som har gjort at dei ikkje har klart å bytte det ut med noko som er enklare for folk å forstå.

Seljeseth er uansett klar på at god kommunikasjon frå NAV bør streve etter å vere dialogisk.

– Ein god ting NAV har gjort, er at dei har putta inn ein ny del i avslagsbreva som heiter "Kva gjer du no?", i tydinga "kva kan NAV hjelpe deg med?". Dette for å imøtekome brukarane på ein betre måte etter dei har fått avslag.

LES OGSÅ:Løftar seg inn i arbeidslivet

Interessemotsetnader
Det er ei kjennsgjerning at byråkratiet får mange klager som ikkje er relevante. NAV må såleis bli flinkare til å formidle kva ein faktisk ikkje kan klage på, som til dømes at lova er slik ho er, meiner Seljeseth, som trur språket i slike situasjonar ofte kan fungere som ein flaskehals.

– Dei som jobbar med klarspråk i staten møter ofte motstand frå juristar i organisasjonen, som er ute etter eit mest mogleg utfyllande, juridisk språk. For juristane framstår ofte klarspråk mindre nyansert og med mindre atterhald enn det som er juridisk akseptabelt.

Ein skulle tru at alle i NAV var samde om kva som gjer eit vedtaksbrev demokratisk formulert, men ifølgje Seljeseth er ikkje dette alltid tilfelle.

– Internt i NAV har ein ofte eit større ønske om å abstrahere språket og tenke generelt, enn det brukarane har behov for.  Det er eit evig spenn mellom ulike interesser, oppsummerer ho.

Faktaboks

I Språkåret 2013 set Framtida.no søkelys på det politiske i språket. Gjennom ei rekkje artiklar vil vi ta føre oss ulike sider ved språkleg makt. Denne artikkelen handlar om diskursar, og korleis desse kan påverke politikk og handling.

Les fleire artiklar i serien her!