≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Klima, oljeboring, Natur og ungdom

Natur og Ungdom: – 24. konsesjonsrunde er galskap

Reagerer sterkt på høyringsforslag om oljeboring i Artkis.

Åsmund H. Eikenes
måndag 13. mars 2017 14.10

Natur og Ungdom: – 24. konsesjonsrunde er galskap Ingrid Skjoldvær er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Natur og Ungdom

I dag la Olje og Energidepartementet ut forslag om utlysing av oljeblokker i 24. konsesjonsrunde. Regjeringa foreslår å utlyse 102 nye blokker, 9 i Norskehavet og 93 i Barentshavet.

I haust sendte ulike oljeselskap inn ønske om havområde som er av interesse for framtidig utvinning av olje. Oljedirektoratet har deretter utført ei petroleumsfagleg vurdering av alle forslaga. No ber Olje- og energidepartementet om innspel til forslag til utlysing.

Natur og Ungdom reagerer sterkt på forslaget om å utlyse 102 blokker av havområde til oljeboring.

– Dette er galskap. Meir oljeboring i Arktis er uforeineleg med å nå klimamåla frå Paris. Terje Søviknes køyrer over urørte område i Arktis, og viser ingen respekt for framtidige generasjonar, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Naturreservat
Fleire av områda ligg tett opptil naturreservatet Bjørnøya (halvvegs mellom fastlandet og Svalbard). Dåverande miljøvernminister Børge Brende oppretta naturreservatet i 2002 for å verne om det biologisk mangfaldet og norsk natur på øya og i havområda rundt.

– Dette er gambling med livet til store bestandar av sjøfugl som lever og hekkar på Bjørnøya, og ein hån mot framtida til vi som er unge i dag, sier Skjoldvær.

Må møte i retten
Etter forrige konsesjonsrunde tok Natur og Ungdom og Greenpeace regjeringa til retten for brot på Grunnlovas miljøparagraf. Den 13. november 2017 skal regjeringa møte i retten for å forsvare oljepolitikken sin.

– Grunnlova gir oss rett til ein leveleg klode. Å pumpe opp meir olje som øydelegg atmosfæren er å nekte framtidige generasjonar denne retten, sier Skjoldvær.

Natur og Ungdom-leiaren ser fram til å få ei avklaring på om tildeling av konsesjonar i Arktis er lovleg, men reagerer på at regjeringa held fram på same vis.

– At regjeringen no køyrer på med nye tildelingar i nesten heilt same område er rett og slett respektlaust, avsluttar ho.

Les meir om klima

horingskart-barentshavet-24.-konsesjonsrunde
Her er kartet over dei 93 blokkene (rosa) i Barentshavet som er foreslått til utlysinga i 24. konsesjonsrunde. Bjørnøya er øvst til venstre. Foto: Olje- og energidepartementet


Oppdatert: måndag 13. mars 2017 14.27
Kommentarar



 
ANNONSE: