NASA håper på Star Wars-effekt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Astronautane på Den internasjonale romstasjonen kan nesten ikkje venta på å få sendt opp den siste Star Wars-filmen frå Disney, ifølgje ein artikkel på NASA.gov.

– Viss du kan tenkja deg å bli ein «sky walker» sjølv ein dag, så tar NASA i mot søknader til å bli astronaut, seier Scott Kelly, stasjonssjef på romstasjonen. Han presenterer fleire Star Wars-relaterte grunnar for kvifor fleire bør søkja om å bli astronaut.

LES OGSÅ: Han har gjort verdsrommet kult igjen

Likskapane mellom livet på romstasjonen og Star Wars er fleire, ifølgje den amerikanske romfartsorganisasjonen.

Robot 2 er Den internasjonale romstasjonen sin eigen R2. Foto: NASA

Romstasjonen bruker verkelge droidar og ion-motorar. NASA har sett planetar med to soler som Tatooine, og ein måne som liknar uhyggeleg på Dødsstjerna frå den mørke sida.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Astronauten Kjell Lindgren twitra nyleg om forbløffande likskap mellom romstasjonen og kuppelen til cockpiten i ein Imperial TIE Fighter: