Når syns vi det er OK å vere full?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit forskarteam frå Universitetet i Oslo og Manchester Metropolitan har undersøkt kva haldningar nordmenn og britar har til det å vere synleg berusa.

Britane og nordmennene var einige i det meste, men éin skilnad var der.

473 britiske studentar og 472 norske studentar svarte på ei spørjeundersøking, der dei rangerte i kva grad dei tykte det var greit å vere synleg berusa i ulike situasjonar, med vener, kollegaer, familie, og med barn til stades. Forskarane samla også data om andre forhold, som alkoholforbruk og verdiar.

LES OGSÅ: Vulgært å drikke frå flaska

Ifølgje analysen er nordmenn og britar einige i at det er mest greit å vere full saman med vener og kollegaer. Studentane frå begge land var også einige i at det er minst greit å vere berusa med barn til stades.

Samstundes fann forskarane at britane har høgare toleranse enn nordmennene for å vere synleg berusa, både saman med familien og med barn til stades.

Forskarane konkluderer med at eit nett av normar påverkar kor mykje vi drikk og korleis vi oppfører oss når vi drikk alkohol i ulike situasjonar. Dei konkluderer også med at britane er meir alkohol-liberale enn nordmenn.

– Skilnadane vi fann syner at normene som styrer full oppførsel er avhengig av kultur, heiter det i artikkelen«When is it OK to be drunk? Sitational and cultural variations in the acceptability of visble intoxication in the UK and Norway».

LES OGSÅ:Også russen har moral (lenkje)