Når postmannen vert drugdealar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Silk Road 2.0 var som Amazon eller eBay – for narkotika. Den nettbaserte narkotikamarknaden vart i 2014 kjent for ålmenta, etter at FBI stengte det ned. På nett handla ikkje dophandel lenger om frykt og vald, men om feedback, interaksjon og betalingsordningar.

Brukarane kunne handle anonymt, velje mellom eit breitt utval varer, kjøpe stoff av god kvalitet til låg pris, og unngå kontakt med kriminelle miljø.

LES OGSÅ: Kunststudentar dopar seg mest

I tillegg vart brukarane del av ein fellesskap, ein subkultur, knytt saman av interessa for illegale rusmiddel. Her var fridom for individet og legalisering av narkotiske stoff viktig. Silk Road var også ein arena for å dele kunnskap om rusmiddel, val av seljar og  sosiale spelereglar. Brukarane tok også vare på kvarandre, gjennom å dele erfaringar om ulike selgjarar og ulike stoff.

Det kjem fram i ein rapport frå Statens institutt for rusmiddelforskning (SIRUS). Sosiolog Hanne Bosnes, som er ein av rapportforfattarane, har skrive masteroppgåve om Silk Road.

Informantane i masterstudien var svært ulike personleg, men hadde ein del fellestrekk. Dei var om lag på same alder og hadde liknande utdanningsnivå. I tillegg hadde dei ei generell interesse for data og det mørke nettet. Informantane hadde også sterk tilknyting til samfunnet rundt, gjennom jobb, studiar og andre aktivitetar. Rusbruken var ikkje impulsdriven, men framstod som kontrollert, skriv Bosnes.

Ho fann tre mønster for handelen på Silk Road: forbrukarane, idealistane og sjølvmedisinarane.

LES OGSÅ: Når syns vi det er OK å vere full?

Slik såg Silk Road 2.0 ut etter at FBI tok ned den svarte marknaden i 2014.

Forbrukarane
Forbrukarane
handla på Silk Road for å få tilgang til rusmiddel av god kvalitet, til låg pris. Rusmiddelbruken var åtskilt frå resten av livet, og moglegheiten til å vere anonym var difor viktig når dei avgjorde kvar dei skulle handle.

I tillegg ville desse unngå kontakt med kriminelle miljø. I intervjua gjorde forbrukarane det avvikande ved å handle rusmiddel mindre, ved å presentere handlinga på Silk Road i samanheng med fulltidsjobb og familie. Silk Road-kunden var berre «ein heilt vanleg fyr».

Idealistane
«Den vanlege fyren» skilde seg frå ei anna gruppe Bosnes fann blant informantane. Idealistane leita etter sære og sjeldne rusmiddel, som berre var tilgjengelege på internett. Det breie utvalet var hovudmotivasjonen for at desse handla på Silk Road. Idealistane brukte rusmiddel for å oppnå personleg utvikling og indre reiser, skriv Bosnes. For desse var rusmiddelbruken ein livsstil, og desse hadde sterkare subkulturell tilhøyrsle enn forbrukarane, sjølv om også idealistane var knytte til storsamfunnet gjennom studiar, jobb og liknande.

For desse Silk Road-kundane var annleisheit viktigare enn likskap.

LES OGSÅ: Rusproblema aukar blant unge

Sjølvmedisinarane
Sjølvmedisinarane
brukte først og fremst Silk Road for å kjøpe reseptbelagte legemiddel, og forklara at dette var meir praktisk enn å gå til legen. Sjølvmedisinaren kunne lett få tak i legemidlar som valium, og ha eit lager liggjande. Denne kunden såg ikkje på seg sjølv som avhengig, men var klar over at andre kanskje gjorde det.

«Ikkje marginaliserte narkomane»
Eit fellestrekk blant informantane var at dei ikkje identifiserte seg som den stereotypiske marginaliserte narkomane. Dei teikna eit bilete av seg sjølv som ressurssterke rusmiddelbrukarar, meg høgt kunnskapsnivå og full kontroll, i motsetnad til ein desperat og impulsstyrt narkoman.

Den marginaliserte narkomane knytte dei til gata, medan den ressusterke vart knytt til nettet.

I tillegg gav dei inntrykk av å tilhøyre ein slags nettbasert subkultur, botna i ei kjensle av fellesskap og samhald. Dette fellesskapet var fragmentert og mellombels, med flytande grenser, der rusmiddelbruk vart sett på som eit personleg val.

–    Netthandelen fungerte dermed som eit slags opprør mot myndigheitenes reglar og kontroll knytt til rusmiddel, skriv sosiologen.

Ho konkluderer med at Silk Road er meir enn ein marknadsplass. Det er som eit usynleg fellesskap, der folk frå heile verda kan logge seg på og vere individuelle saman. For å delta i denne subkulturen, må ei ha teknologiske ferdigheiter, kunnskap om rusmiddel og tillitsvurdering av seljarar.

Desse ferdigheitene er avgjerande for at rusmidla skal nå fram til postkassen. Som ein av informantane sa:

–    Det er berre litt kjedeleg for postmannen som ender opp med å vere drugdealaren.

LES OGSÅ: Simone (23) fortalde om hasjmisbruket sitt på Facebook – vart mållaus av reponsen

Kjelder:

Rapporten «Narkotikamarkeder på det mørke nettet: En kvalitativ studie av Silk Road 2.0» frå SIRUS (2015), der sosiolog Hanne Bosnes og krimonolog Silje Anderdal Bakken har undersøkt korleis nordmenn kjøper narkotika på det mørke nettet.

Masteroppgåva «Bare litt kjedelig for postmannen, som ender opp med å være drugdealeren». Netthandel av rusmidler på Silk Road», sosiologi ved UiO, av Hanne Bosnes.

Faktaboks

Silk Road var grunnlag av «Dread Pirate Robert», og opna første gang i 2011. Nettmarknaden vaks raskt, frå å selje frå kring 15 millionar i 2012 til ein estimert sum på 89 millionar i 2013. Etter kring to år vart Silk Road stengt av FBI, men to veker seinare dukka Silk Road 2.0 opp. I 2013-2014 var dette det største narkotikamarknaden på nett, men også denne vart stengt i 2014. Ein tredje versjon dukka snart opp.