Naboar opne for diktatur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nei, det er ikkje ein vits. Tal frå ferske undersøkingar skremmer naboane våre.

Meir enn kvar fjerde svenske mellom 18 og 29 år meiner det hadde vore ganske bra eller veldig bra om landet blei styrt av ein sterk, diktatorisk leiar som ikkje brydde seg om val.

21 prosent kunne tenkja seg å selja stemma si til ein politikar som tilbyr pengar eller ei anna gåve. 28 prosent kan tenkja seg å stemma på eit anna parti, viss ein kandidat for dette partiet skaffar ein jobb til nokon som står personen nær. Dette viser svara frå unge voksne som har svara på World Values Survey, ifølgje SVT.

LES OGSÅ: Kom tilbake, Sverige!

Åtvarar
Ei undersøking frå Danmark viser at kvar niande danske ikkje er avvisande til tanken om ein sterk leiar som styrer landet utan å ta omsyn til verken Folketinget eller veljarane.

Professor Tim Knudsen ved Københavns Universitet kallar utfallet av undersøkinga skakande.

– Eg kan ikkje sterkt nok åtvare mot dei farane dette demokratiske forfallet uttrykkjer, seier han til Ugebladet A4, som har fått utført undersøkinga ved Analyse Danmark.

Kunnskapsløyse
– Forklaringa er truleg at ein ikkje gjev samfunnsundervisning på handelsskular og mange andre stader. Forklaringa er også at den historiske erfaringa med nazisme og fascisme – og etter kvart også kommunisme – har vorte så fjern for dei unge, meiner Knudsen.

QUIZ: Er du ein kløppar på dansk og svensk? Test deg sjølv!

Undersøkinga viser også at nesten kvar fjerde danske er positivt innstilt til å la ekspertar trasse regjering og Folketing og sjølv avgjere kva som er best for Danmark, skriv Politiken.

Det går også fram at det er flest kvinner som stiller seg positive til tanken om diktatur og ekspertstyre.

Faktaboks

Diktatur er det me kallar eit styresett der eitt enkelt parti, ein militær junta, eller ein einerådande diktator har makta. Diktatur er kalla totalitære når styremaktene grip inn, legg under seg og kontrollerer alle sider ved sivilsamfunnet, og autoritære når styremaktene berre råder over eit avgrensa statsapparat. Les meir på Wikipedia!

Folkestyre eller demokrati er eit styresett der størstedelen av innbyggjarane i eit samfunn kan røysta over korleis samfunnet skal styrast. Les meir på Wikipedia!

Sjå oversikt over graden av demokrati rundt i verda hjå Freedom House!