– Mykje verre og mykje meir alvorleg enn eg trudde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Meir alvorleg enn eg trudde

Saka vart først publisert i Porten

– Eg starta fordi eg vart mobba for at eg var litt stor, hadde stor rompe og slikt. Eg var lei av å få bank, lei av å bli mobba og ville bli ein annan type.

Slik forklarar «Kristian» sin veg inn i universet med anabole steroidar. «Kristian» er ein av mange ungdommar eller unge menn som Annette Münch følgde over ein toårsperiode då ho gjorde research til boka «Badboy: Steroid». 

– Eg ville ikkje snakka med tunge kriminelle eller idrettsutøvarar som dreiv med dette. Dei eg snakka med var vanlege gutar. Og dei var opne om korleis dei byrja med dette, korleis dei prøvde å slutta og om alt negativt som følgjer med, sa Münch til dei frammøtte under føredraget ho heldt på biblioteket i Årdal torsdag.

Artikkelen held fram under biletet

Annette Münch
Münch les små utdrag frå boka, som er ein roman med sanne historiar som bakteppe. Foto: Ole Ramshus Sælthun

«Vi er historie, og jeg er ødelagt»
Med samtalane som bakteppe forfatta ho ein spenningsroman der den fiktive personen Casper har hovudrolla. Innleiingsvis er han ein vellukka gut; pen og smart, han har den mest attraktive dama på skulen og alt ser bra ut. Men så dumpar dama han til fordel for ein annan.

Då rasar ting i hop. Men Casper skal reisa seg. I denne prosessen dukkar Liam opp. Han har løysinga; eit middel som gjer at Casper kjem til å sjå svært bra ut. Sjølv om Casper er skeptisk innleiingsvis, let han seg overtala av Liam og prøver.

For det er gjerne slik unge gutar – og jenter – startar med anabole steroider; dei har vorte mobba, hatt eit hardt og brutalt fall i livet eller kjem frå problemheimar. 

– Eg var liten, tynn og bleik – fekk kommentarar som at det såg ut til at eg var på veg til å døy, seier ein annan av dei Münch intervjua i researchprossessen.  

Ho har filma intervjua og under føredraga sine vekslar Münch mellom å lesa frå boka, spela av intervjua med dei unge mennene som brukar anabole steroidar, intervju med fagpersonar i Antidoping Norge og musikkvideoar.

– Rapparane Erik og Kriss har laga fire låtar til prosjektet med tekstar som omhandlar tematikken. Så har me laga musikkvideoar til låtane forklarar Münch.

«Vet hva jeg gjorde, hva som gikk galt. Vet om historiene som ble fortalt. Gjorde det store, gjorde om på alt. Vi er historie, og jeg er ødelagt» går refrenget på eine låta.

LES OGSÅ: Ungdom kjøper doping for konfirmasjonspengane

– Store musklar og betre sexlyst
Dramaturgien i musikkvideoserien samsvarar med boka; det startar med ein gut som oppsøkjer treningsstudio og korte klipp innimellom av ein rimeleg normal ung mannekropp. I løpet av serien blir kroppen større. Guten pumpar jern – og set sprøyter. Midtvegs er alt idyll; han tek armhevingar med den søte kjærasten sin på ryggen; dei tullar i lag, ho smiler og ler.

I slutten av serien blir musikken meir aggressiv. Ein ser klipp av kranglar med jenta og slagsmål ute på byen.

Men at det ofte blir konsekvensen ser ikkje ungdommane når dei startar å ta anabole steroidar.

– Eg fekk store musklar og betre sexlyst. Folk behandlar deg annleis når du er stor og sterk. Eg angrar ikkje på at eg starta, seier ein av dei Münch intervjua i eitt av videoklippa.

– Eg har med slike uttalingar fordi eg ikkje vil leggja lok på noko; i starten opplever dei aller fleste at dette er svært positivt, seier forfattaren sjølv

Medan dei intervjua gutane går under dekknamn, står ein mann fram med fullt namn når han fortel si historie gjennom videosnuttar i føredraget til Münch. Morten Heierdal misbrukte anabole steroidar i ti år.

– Mange byrjar fordi dei høyrer i miljøet at dette ikkje er noko problem. Det er det største problemet, det som er mest feil. Etter kvart som eg heldt fram misbruket forsvann kongekjensla. 

LES OGSÅ: Sanninga om anabole steroidar.

Artikkelen held fram under biletet

Morten Heierdal
Morten Heierdal misbrukte anabole steriodar i ti år, men kom ut av det og er i dag føredragshaldar hjå Antidoping Norge. Røynslene hans er ein sentral del av Münch sine føredrag. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Kompisen døydde i armane mine
For det kjem til eit punkt då dei positive opplevingane blir færre og dei negative fleire. «Kristian» seier det slik:

– Eg har vore i fengsel. Sett folk som har vorte skada for resten av livet. Har kompisar som byter blod fleire gonger i veka. Ein av ti klarar seg, dei ni andre klarar seg ikkje.

Morten Heierdal har også vore i fengsel. I over eitt år for to valdsdommar. Den eine etter at han heldt på å banka livet ut av ei dørvakt.

– På eitt tidspunkt kom eg på noko anna lurt; å starta med kokain, fortel han på skjermen Münch har oppe.

Heierdal jobbar som føredragshaldar i Antidoping Norge no. Hans røynsler med anabole steroidar skal hjelpa andre til å slutta, eller aller helst aldri byrja.

– Eg var ute å jogga med ein kompis som også brukte steroidar. Han segna berre om. Døydde av hjarteinfarkt i armane mine. Eg veit ikkje om eg sjølv får hjarteinfarkt i morgon, om nokre dagar, veker eller år. Men inntil vidare er eg her og kan fortelja andre om dette. 

LES OGSÅ: Ikkje ta snarvegen, åtvarar dopingekspert

Som å skriva kontrakt med djevelen sjøl
Fredrik Lauritzen, leiar i avdelinga for førebyggjing og folkehelse i Antidoping Norge, fortel i intervju Münch viser på skjermen om dei biologiske konsekvensane av anabole steroidar.

– Stoffa kan påverka alle celler i kroppen og såleis alle organ. Det er genetiske ting som bestemmer kva biverknadane blir. Nokre får biverknader som er reversible, andre biverknader som kan føra til rask død. Personlegdommen endrar seg, brukarane blir meir aggressive. Det er lite fokus på dei psykiske verknadane.

Annette Münch vann Brageprisen i 2014 innan kategorien barne- og ungdomsbøker for «Badboy: Steroid». I skuleåret 2016 – 2017 held ho 180 slike føredrag, hovudsakleg på skular rundt om i landet ettersom opplegget ligg inne i «Den kulturelle skulesekken».

Annette Manch
Fredag heldt Münch føredrag på Årdal Vidaregåande skule. Foto: Andreas Aannevik

Fredag var det vidaregåandeelevane i Årdal som fekk høyra den brutale sanninga om anabole steroidar.

– Eg er historieforteljar og skal formidla. Difor tenkte eg då eg starta på dette at eg skulle innta ein nøytral posisjon og at Antidoping Norge sikkert overdreiv noko. Etter kvart klarte eg ikkje å vera nøytral lenger, det vart omogleg. Fordi dette er mykje verre og mykje meir alvorleg enn eg trudde.

Det finst lite god statistikk på området, men mykje tyder på at det går feil veg – trass i at bruk av anabole steroidar vart gjort ulovleg og straffbart i 2013.

– Då eg starta med prosjektet i 2011 snakka ein om at rundt to prosent av befolkinga i Noreg hadde brukt anabole steroidar. Det siste talet eg høyrde var mellom fem og ti prosent. Og bruken er aukande blant jenter, seier Münch.

– Viss du byrjar med dette, er det som å skriva kontrakt med djevelen sjølv, seier Heierdal i videointervjuet dei frammøtte på Årdal bibliotek fekk sjå torsdag og elevane på Årdal vidaregåande skule såg fredag.