Musikkrebellen Putte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

50 år gamle Putte Svensson Sahlin reiser rundt og held føredrag om det å skapa noko frå grunnen av.

Putte Svensson Sahlin har nett køyrt frå Bergen til Suldal. Han set seg godt til rette i hotell-lobbyen, og fortel med forventning i blikket at han skal vidare til Voss i morgon. Men først skal han halde føredrag om eigen gründersuksess til  bedrifter i Suldal. Vestlandsnaturen har alltid gjort sterkt inntrykk, og den svenske gründeren og musikkelskaren kan ikkje lovprise Noreg nok.

– Eg har aldri drøymt om å flytte frå Hultsfred, aldri drøymt om New York eller London. Viss det skulle vore noko måtte det vere Noreg. Naturen er så flott, i dag var eg skikkeleg turist, stoppa fleire stadar berre for å ta bilete, seier han og humrar.

LES OGSÅ: Festivalar skapar store ringverknadar

Dresskledd rebell
Putte er framleis litt rebelsk, i svarte klede og med øyrepynt, han er verken konvensjonell eller formell og bryr seg lite om kva andre forventar at han skal gjere.  Likevel har han skifta ut t-skjorte og langt hår med dress og er blitt forretningsmann, han veit det meste om kva som trengs for å skape, bygge opp og korleis det kjennest å gå skikkeleg på trynet, for han har gjort det og.

– Eg veit kva det er å gå med underskot, til og med å gå konkurs. Me har prøvd det meste.

Men det var på skulen det heile starta. Putte likte seg ikkje så godt på skulen. Å måtte lære det same som alle andre, passa han dårleg. Kvifor skulle alle kunne det same? Korleis kunne ein skape noko då? Men skuledansane i Hultsfred fall i smak, etter kvart viste det seg at Putte hadde talent for å skape gode konsertar for elevane på skulen.  Noko som skulle bli oppstarten til musikkfestivalen i Hultsfred. I dag har han bygd opp Rock City, ein møteplass for musikkelskarar og ein stad der ein kan få utvikle nye tankar, bedrifter og prosjekt innan musikk. Ikkje minst ved at dei har fått etablert ein eigen høgskule på området.  Det nyaste på etablerarfronten er likevel Hotel Hulingen, eit ekte rocke-hotell der kvart rom presenterer ein artist og ein musikksjanger. Hotellet er eit viktig verkemiddel for å setje Hultsfred på kartet som rockebyen nummer ein.

Sjå Putte Svensson Sahlin snakka om kreativitet i dette TedX-føredraget:

–  Min draum er at me skal ha ti musikk-helger på hotellet som har ulike musikalske tema. Me kan ha punkrock-helg, visehelg og så vidare, seier Putte som har kjøpt og pussa opp hotellet saman med kona.

– Det krev både mot og gode venner dersom ein skal satse slik, slår gründeren fast.

Metallica i Hultsfred
–  Det er ingen tvil om at det er musikken og festivalane våre som har sett Hultsfred på kartet. Festivalen i Hultsfred har gått av stabelen så godt som kvart år sidan 1986 og hadde i 2005 rundt 30 000 besøkjande. I dag veit 98 prosent av den vaksne befolkninga i Sverige kor Hultsfred er. I 2009 sto Metallica på scena i Hultsfred, berre for å nemne eit av artistnamna som har sett tydelege spor. Ungdommane som starta opp med konsertane i Hultsfred hadde neppe drøymt om at det skulle stå så store namn på scena, dei hadde iallfall ingen bakgrunn eller utdanning å støtte seg på.

–  Me var 14 år og visste ingenting om korleis me laga til konsertar eller festivalar. Me måtte berre prøve oss fram, kasseraren vår hadde alle billag samla i ein plastpose, det eldste låg på botnen, slik hadde me system. Me var uredde og ville berre skape noko som var kjekt.  

Kaffikoppar og skulderklapp
I dag kan han slå fast at det vart ei suksesshistorie av at dei fekk prøve seg, og at dei ikkje gav opp kvar gong det stritta i mot. Når dei sto i banken og hadde behov for pengar, kunne dei berre setje eigne idear og eigen kreativitet i pant. Til slutt fann dei ein banksjef som vart med på den løysinga.

– Kvifor er det alltid slik at ein må ha løysinga og ideen klar for å få støtte til å utvikle noko, det er heilt feil, ein burde fått støtte til å tenkje ut dei gode ideane. Viss ein har ein id  om å utvikle ein ny type kaffikopp kan det godt hende produktet forandrar seg fullstendig under prosessen, meiner Putte og stikk litt i sida til dei som driv med næringsutvikling.  

– Kva er det som motiverer deg?

–  Like viktig som å tene pengar er å få eit klapp på skuldra etter ein god konsert. Det er det viktigaste. Viss nokon har kosa seg og fått ein god musikkoppleving, seier Putte.

Eigentleg ville han bli musikar sjølv, men etter kvart forsto han at han var betre til å arrangere konsertar enn å spele sjølv.

Edru på jobb
– Kva er ditt beste råd til andre som vil skape noko?

– Eg har tre kjepphestar; kom i tide, ta aldri kunden sin parkering og møt aldri full på jobb. Ein skal alltid vise respekt for andre folk si tid, ein skal aldri stå i vegen for kunden og alle veit kor feil det kan gå viss ein har alkohol i blodet.

– I tillegg er det viktig å tru på seg sjølv, å våga å gjere noko med det, og kunne bu i telt. Med det meiner eg at ein må vekse med produktet ein vil utvikle, ein må ikkje bygge ein stor produksjonshall før ein veit om produktet sel. Begynn i rette enden, er det soleklåre rådet frå Putte.

Sjølv er han bevisst på at han må vere ein god lagspelar, og bruke folk der dei er flinke. Han meiner det er viktig å delegere og ikkje minst sjå sine eigne medspelarar. Alle må ha eit eigarforhold til prosjektet for å oppnå suksess.

– Det er viktig å lytte, ofte er mi oppgåve å setje andre sine gode idear ut i livet.

Faktaboks

  • Namn: Putte Svensson Sahlin.
  • Aktuell:  Nettopp kjøpt og pussa opp Hotel Hulingen i Hultsfred, som er neste etablering i musikksenteret Rock City.
  • Alder: 50 år.
  • Sivil status: Gift og har tre barn.
  • Høyrer på: ABBA.
  • Les: Aldri, utanom nokre aviser.
  • Førebilete: Ingvar Kamprad  og Nelson Mandela.