Motmakta kjem til å vakne

Dag Jørund Lønning
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mangeårig forskings- og utviklingsarbeid rundt folkeleg mobilisering har lært meg ein ting: Det er alltid mykje lettare å mobilisera motspelarar enn medspelarar. Når menneske føler at idear og verdiar ein ikkje kjenner seg att i blir pressa på ein ovanfrå/utanfrå, set ein seg til motverje.

Om ein står aleine, kan det å bli utsett for maktbruk ovanfrå føra til avmaktskjensle, passivitet og resignasjon. Her i Noreg har me likevel lange tradisjonar med organisering av slik motstand. Distriktsbasert motmakt mot overstyring og sentralstyring har vore ei avgjerande utviklingskraft, avgjerande både for busetnadsmønster og næringsutvikling i distrikta. Denne motmakta avgjorde også folkeavrøystingane om EU-medlemskap. 

Kva er så motmakta si kjelde? Kanskje er den å finna i noko genuint menneskeleg; vårt rom og fridom til å velja. Det er gjennom vala våre me formar liva våre, seier eksistensfilosofane. Fridomen til å velja, er grunnleggande menneskeleg. Den fridomen skil oss ut som art. Den gjev oss aspirasjonar og draumar, den opnar opp for våre mangfaldige og veldig forskjellige livsprosjekt. Fridomen er vår rikaste kjelde til det å skapa, til trivsel, til livskvalitet.

Kva er det største trugsmålet mot denne fridomen? Jo at krefter utanfor oss sjølve prøver å fornekta at den eksisterer, prøver å gje uttrykk for at me ikkje har val der me har det, prøver å tvinga sine val på oss ved å leggja dei fram som naturlover.

Gjennom sin mest kjende karakter, Zarathustra, søkjer filosofen Friedrich Nietzsche å teikna eit bilete av den ultimate nyskaparen, han som aktivt brukar den menneskelege fridomen til å velja for heile tida å finna nye vegar inn i framtida. Men Zarathustra har ein erkefiende. Han går under namnet «Tyngden». «Tyngden» er han som seier at ingenting nyttar, at alt er bestemt allereie, at det menneskelege valet eigentleg ikkje finst, at ein like godt kan la vera å engasjera seg, at ein kan resignera og gjera slik som makta seier. «Tyngden» er han som seier at «Du må!».

LES OGSÅ: Vil rydda vekk tvil om samanslåing

«Tyngden» lever i beste velgåande også i vår tid. Han dukkar stadig opp i ny form, i nye prosessar, i nye forsøk på over-/sentralstyring og maktbruk. «Tyngden» har sterke krefter bak seg. Som enkeltmenneske blir me for små (om me då ikkje har Zarathustra sine nyskapande evner), men går me saman fleire og mange, har historia vist at «Tyngden» kan nøytraliserast og nedkjempast. Dette er historia om makt og motmakt.

Vår fortid og samtid er full av døme på motmobiliseringar (vern som lokalbefolkninga oppfattar som pressa over seg ovanfrå, er ein samtidsklassikar i så måte), og me har også mange døme på at punktaksjonar har utvikla seg til effektiv motmakt.

Samtidig er det nokre som aldri lærer. Sentralmakta og deira regionale allierte i næringsliv og politikk, går i den same fella gong etter gong. Ein framviser ei eineståande evne til å framprovosera motmakt gjennom å gje «Tyngden» fritt spelerom. Endring skal pressast fram frå toppen. Retorikken blir bygd opp i bydeform rundt ordet «må». Me «må», elles vil det gå oss ille, er bodskapen. Me «måtte» i 1972, me «måtte» i 1994. I begge tilfelle var det ikkje ende på kva elende og tap som skulle råka land og folk om ein skulle drista seg til å gå mot denne særs sterke tilrådinga frå dei sentrale politiske og økonomiske elitane.

No har ein valt den same elendige strategien når det gjeld å fremja kommunereforma. Nok ein gong «må» me. Nok ein gong får me beskjed om at elendet ventar om me ikkje lyder. Og, nok ein gong «lukkast ein» frå sentralt hald med å mobilisera motmakta.

At Sanner trugar med å trekka millionar frå dei «ulydige» kommunane, vil berre verka som ein raud klut. Det opplevest som enda meir sentral maktbruk, som nok eit slag mot den lokale handlingsfridomen. Det viser ei sentralmakt prega av desperasjon.

Kor mykje meir effektiv kunne ikkje denne «reforma» blitt om ein inviterte til dialog frå dag ein. Om ein hadde involvert dei reelle ekspertane på kommunestorleik, innbyggjarane, med på ei stor nasjonal evaluering av måten me organiserer og utøver lokaldemokratiet.

Kor mykje meir positive hadde ikkje folk blitt om Sanner og hans lokale allierte hadde vore tydelege på at denne evalueringa skal vera reell, og at konklusjonen ein landar på skal aksepterast fullt ut, om ein no kjem fram til at ein vil bli større, mindre eller halda fram som i dag.

Det som i staden kjem til syne, er eit reaksjonært, ideologisk prosjekt, der målet ikkje er fri evaluering, men å tvinga fram store einingar kosta kva det kosta vil.  

Når me vanlege innbyggjarar så tydeleg blir oversette og overkøyrte av «Tyngden» og hans allierte, då vaknar motkreftene i oss. På eit kollektivt nivå vaknar den norske motmakta.

Denne motmakta er ei mektig kraft, ei kraft som har vist seg i stand til å stå mot både elitar og storkapital.

Det siste kjem til å skje denne gongen og.

LES OGSÅ: – Pressa til eit ja