≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Blogg, Mote, voss, Gode nynorske bloggar

Mote på nynorsk

Bloggar Anette Kronstad Sørheim raudnar når ho ser sine første blogginnlegg. Etter fleire år som bokmålsbloggar nyttar ho no nynorsk.

Andrea Rygg Nøttveit
torsdag 24. april 2014 14.53

Mote på nynorsk Vossa-jenta Anette Kronstad Sørheim er kåra til Vekas blogg. Foto: Anettekronstad.com

 – Nei, tullar du? No vart eg litt satt ut og kjempeglad, seier Anette Kronstad Sørheim når Framtida ringjer for å fortelje at bloggen Anettekronstad.com er kåra til Vekas blogg.

Det betyr at vossingen er med i tevlinga om tittelen Verdas beste nynorske blogg.

Dei første åra var bloggen faktisk på bokmål, men seinare har det vore mote på nynorsk som gjelder. Som Anette sjølv så lurt skreiv då ho lanserte bloggen på nynorsk i juni i fjor: «Vil du forbetre deg i nynorsk? …les bloggen min.»

LES OGSÅ: Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Merkedag
Ikkje uventa er 19-åringen på trening når ho får telefonen. Bloggen dreier seg nemleg mykje om trening, livsstil og klesstil – på nynorsk såklart.

No har bloggen følgt vestlendingen gjennom både ungdomsskule, vidaregåande og inn i studiekvardagen som journalistikkstudent i Volda.

– Eg starta å blogge nøyaktig 5. mai 2009. Eg hugsar den dagen som om det skulle vore i går. Det var friminutt, det var fint vær, eg gjekk i 8. klasse på ungdomsskulen og eg sat på graset og tenkte på å mogleg starte ein blogg. Når eg kom heim var det rett inn på datamaskina. Då var det gjort.

Grunnen til at ho i det heile teke bestemte seg for å blogge var at ho frå tidleg av har vore oppteke av data, fotografering, filming og redigering.

– Når blogg-Noreg blei tatt med storm for nokre år sidan, måtte eg sjølvsagt henge meg på trenden. Dette med sosiale medium synes eg er spennande. Når nye nettsamfunn blir starta opp, blir eg svært nysgjerrig. Eg må liksom vere ”der”, om du skjønner. Overalt. Kan ikkje gå glipp av noko. Det var vel dette som gjorde at eg starta å blogge. Det var noko nytt, og eg ville vere ein del av det nye.

LES OGSÅ: Mannen med den populære skrifta

Førtisblogg?
Og blogginga har synt seg å vere ein suksess. Ho oppdaterer bloggen dagleg, og har då 200-300 unike lesarar på kvart innlegg. Det vert ein del tusen klikk i månaden, i tillegg til at bloggaren sjølv får utvikla sin eigen stil, både innanfor klede, fotografering og musikk.

Tidlegare har Anette spøkt med at ho kan blogge til ho vert over førti. Det er kanskje ikkje heilt realistisk, men ikkje heilt utenkjeleg at ho gjer. Uansett vil bloggen vere oppe og gå ei stund til.

­– Dette med sosiale medium blir meir og meir aktuelt. Folk skriver statusar og poster meir enn aldri før på Facebook, legg ut bilete på Instagram, twitrar, oppretter sine eigne heimesider, også vidare. I jobbsamanheng blir blogg meir og meir brukt, og folk bruker gjerne bloggen sin som ein portefølje. Sjølv er eg mediestudent, og har lyst å gå retning innan media i framtida. Då tenker eg at det kanskje ikkje hadde vore så dumt med ein blogg.

LES OGSÅ: Boblande spåkentusiasme

Publiseringsvett
– Kva har du lært sidan starten?

– Dei gongane eg tar meg tid til å lese i bloggarkivet mitt, kjenner eg at eg blir raud i ansiktet. Eg delte nesten alle kvardagsdetaljar med heile verda. Det blei kanskje litt for mykje enkelte gongar. Folk seier at det ein legg ut på Internett, blir verande der for alltid. Ein må difor ta ein runde med seg sjølv, og hugse dette før ein publiserer noko. I dag prøver eg å ikkje skrive så alt for mykje om kvardagen min, men heller legge ut meir bilete – som eg håper kan inspirere andre.

– Kva er dine beste tips til andre bloggarar?

– Mitt aller beste tips til andre bloggarar er å blogge om det ein kunne tenkt deg å lese på ein annan person sin blogg. Eg liker for eksempel å lese om mote, morosame kvardagssituasjonar, trening og mat, i tillegg til musikk- og filmanbefalingar. Personlege meiningar er òg interessant å lese. Å ytre seg om det dagsaktuelle er viktig.

Svensktoppen
– Kven er dine topp tre bloggførebilete?

– Eg har fått eit skikkeleg auge for kaupangerjenta Veronica Solheim (worldofmike.no). Ho skil seg ut blant resten av bloggsamfunnet, då ho vel å ikkje blogge om silikon, dyre designarvesker og alle duppedittar ein får sponsa. Ho postar inspirerande bilete, tekstar og videoar, og det å kle seg, skrive og fotografere er noko ho verkeleg kan. Inspirasjonsfull dame med ein inspirerande blogg. Veronica, eller Mike, som ho liker å kalle seg, fortener fleire lesarar.  

To andre favorittar er dei svenske bloggarane Angelica Blick (angelicablick.se) og Fanny Lyckman (himnext.se/fannylyckman).

– Desse blogger kvar for seg, men har cirka same innhald. Dei blogger fyrst og fremst om mote, men fletter òg inn litt om kvardagen. Eg liker veldig godt klesstilen deira, då dei kombinerer den feminine stilen med den urbane. Dei blir rett og slett ”finkule”, som eg liker å kalle det. Antrekksbileta dei publiserer er ikkje berre av dei sjølve med ein kvit vegg i bakgrunnen, men ute på forskjellige locations. Desse gjev meg mykje inspirasjon.  

Sjølv får Anette mest respons på innlegga sine om trening og sunt kosthald. Bloggen har dreia meir i den retninga i takt med at det har vorte ein viktig del av kvardagen hennar. Elles er matinnlegga «Any mat»populære. Any er forresten kallenamnet hennar.

Anonyme kommentarar
– Kva er dei kjekkaste tilbakemeldingane du får?

– Det er alltid kjekt å få positive tilbakemeldingar. Desse er ein del av drivkrafta som gjer at bloggen fortsatt er oppe og går. Eg blir rørt når folk takkar for innlegga eg skriv, at dei ”elskar” bloggen min og seier den er annleis enn alle dei andre.

– Kva er dei kjipaste tilbakemeldingane du får?

– Eg har vore heldig, og har ikkje fått særleg med kjipe tilbakemeldingar. Likevel klarer dei anonyme å slå til når dei fyrst er i gang, forklarar Anette.

Dei skriv ting som:

«LOL. Du skrive heilt annleis enn da som egentlig skjer og korleis du eigentleg e på Voss. Du late som om du har eit såå fint liv, sjølv om alle som kjenne deg veit at du egentleg er ei jente som prøver å ve som alle andre, og passe inn.» – Anonym

«DU er så syyyyykt pen asså <3 <3 <3 <3 <3 :) 
elsker bloggen din over alt!
men du er flatere en et flatbrød, skaffe deg implantater asså, det har jeg! <3»Anonym

– Det sårar jo litt. Det må eg innrømme. Likevel tenker eg at desse ”hatarane” vel å vere anonyme, fordi dei veit at dei gjer noko dumt. Prøver å oversjå dei, og heller gje oppmerksamheita over på dei fine kommentarane. Eg skjønner ikkje heilt kva som er poenget med å surfe på Internett og skrive anonyme, negative kommentarar til folk dei ikkje kjenner. Har ikkje folk betre å gjere? Får dei verkeleg noko godt ut av det? Det er tåpeleg. Leitt. Og flaut.


Oppdatert: torsdag 24. april 2014 15.19
Kommentarar

Mote på nynorsk
Matinnlegga «Any mat» er populære på sida til Anette, ofte kalla Any. Foto: Anettekronstad.com

Mote på nynorsk
Lesarane kan trene seg på nynorsk ved å lese om trening. Foto: Anettekronstad.com

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.

 
ANNONSE: