Morsmål på Dei nynorske festspela

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det førre skuleåret vart det undervist i ikkje mindre enn 108 ulike morsmål i tillegg til den ordinære undervisninga, heiter det i statistikksamlinga Språkfakta 2015, som Nynorsk kultursentrum gav ut i haust. Dei tre største innvandrarspråka var somalisk, polsk og arabisk.

– Vi ønskjer å løfte fram kva morsmålet betyr for kvar enkelt, og kva språkmangfaldet har å seie for oss som samfunn, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet.

LES OGSÅ:Ruth Lillegraven blir festspeldiktar

Kva skjer med sjølvkjensla når ein ikkje blir forstått og strevar med å uttrykkje akkurat det ein ønskjer å formidle på det språket som møter ein i kvardagen, kanskje i eit nytt land? spør Dei nynorske festspela.

Nynorskfestivalen går neste år av stabelen 23.– 26 juni.

LES OGSÅ:Populært å lære nynorsk med teikneserie