Morgondagens spørsmålsteikn

Marit Nerås Krogsæter
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me treng ekte nynorsk

Folk seier at det er lett for dei som har nynorsk som hovudmål presterar godt på sidemålsprøver og tentamenar. Argumentet for dette er at ein med bokmål som sidemål blir utsett for det bokmålske skriftsspråket kvar einaste dag. Utan unnatak. Uansett kvar ein er, kva ein gjer eller kven ein er med, så kjem ein seg aldri vekk frå bokmålet. Det er over alt. Aviser, reklame, lyktestolpar og busshaldeplassar. Det er vanskeleg å gå ein heil dag utan å møte på bokmål. Så då er det vel ikkje så rart at nynorskbrukarar presterer så godt på sidemålsprøver og mykje dårlegare på sitt eige hovudmål.

Ein aprilsprøk vart den kalla, den nye rettskrivingsnorma som vart lagt fram i fjor. Det var det diverre ikkje. Den nye norma skulle vere eit språk nynorskbrukarar ville kjenne seg heime i. Den skulle famne breitt. Og breitt famna den, så breitt at tankane gjekk tilbake til 1959, då samnorskpolitikken tok slutt. Ein politikk som gjekk ut på å samle dei to norske skriftsspråka til eitt. Diverre ser det ut til at samnorsk på nynorsken sine premiss framleis held fram. Det er ikkje rart at dagens ungdom blir morgondagens spørsmålsteikn når ein endrar språket på denne måten.

Skulesystemet har òg ein del av skulda for at dagens ungdom har problem med å relatere seg til det vakre språket som nynorsk eigentleg er. I den offentlege norske skulen er det ofte den same strofa som gjeng igjen når lærarar skal argumentere for kvifor ein ungdom skal lære seg nynorsk. Det er fordi ein kan ende opp med å jobbe i det offentlege. Og det er ingen, eg seier det, ingen ungdomar som trur at dei skal jobbe i det offentlege når dei er ferdig med utdanninga. Retorikken må endrast, språket må bli skikkeleg nynorsk igjen og ungdom må få meir variert språk frå media og omverda. Tek du ansvar?