Mohamed og Nguyen inn i namneleksikon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nguyen inn i namneleksikon

Hansen, Johansen og Olsen tronar stadig øvst lista over mest vanlege etternamn.

Det er likevel ein klar nedgang i sen-namna, noko som kjem av at desse namna er meir anonyme og har liten identifikasjonseffekt, meiner redaktør for Norsk etternamnleksikon Olav Veka.

– Dei er så vanlege at folk heller vil bli knytte til meir spesielle namn, namn som skil seg ut i den store mengda, fortel Veka.  

Etternamn av gardsnamn fortel om opphav, slekt og geografisk tilknyting og er meir populære, ifølgje redaktøren.

– I Noreg har denne namnetypen meir prestisje, og folk kjenner gardsnamn som ein "naturleg" og "norsk" type som særleg seier noko om slekt og kvar garden ligg, seier Veka.

Etter over 20 års bruk har leksikonet no blitt fagleg oppdatert og utvida. 2000 fleire etternamn har funne vegen inn i boka, og fleire innvandrarnamn er med. Vietnamesiske Nguyen er på 51.-plass over dei mest vanlege etternamna i Noreg, medan Mohamed er på 134.-plass. 

LES OGSÅ: No kan islandske jenter heite Angelina