Mobiliserer mot endring av mållova

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No må me stå på barrikadane

– Eg er mot, seier Arne Hjeltnes. Han sit i sentralstyret til Høgre, og kjempa mot då landsmøtet sist gong gjekk inn for ei fråsegn om å gjera sidemål valfritt.

Han likar lite at programkomiteen no foreslår å endra mållova, slik at statsorgan ikkje lenger pliktar å svara borgarane sine på den målforma som dei blir tilskriven på.

LES MEIR: Høgre vil la byråkratane velja målform sjølv

– Det er eit typisk forslag som kjem opp frå folk som trur dei vil gjera seg endå meir populære. Eg håpar folk tar til vitet. Eg vil argumentera mot forslaget, og håpar det ikkje blir noko av, seier Hjeltnes.

– Er det god Høgre-tradisjon å la byråkratane få velja sjølv?

– Nei, humrar Arne Hjeltnes. – Me skulle eigentleg tenkt oss å hatt færre byråkratar.

– Treng meir språkkunnskap
Hjeltnes meiner det er trong for meir språkkunnskap i samfunnet.

– Jo meir språk ein kan, jo meir ser det ut til at ein lærer om andre ting, legg han til. Og til dei som vil kutta ut sidemålsundervisinga for å bruka tida på framandspråk, seier han dette:

– Det er ikkje noko problem at me bruker tid på sidemål i dag, problemet er at me kan for lite språk.

Arne Hjeltnes meiner partiet må ta omsyn til nynorsken som ein språkleg minoritet.

– Ein må vera varsame med å gjera alle til lags, seier han.

LES OGSÅ: – Høgre til angrep på nynorsk som nasjonalspråk

Ordførar-motstand
Liv Kari Eskeland er ordførar i Stord kommune, leiar for Hordaland Høgre og medlem i sentralstyret i Høgre. Ho meiner det vil vera ein fare for nynorsken viss forslaget frå programkomiteen til Høgre får gjennomslag.

– Eg er litt skuffa over at ein stadig går til angrep på nynorsken. Det er unødvendig, seier Eskeland.

– Me som kjempar for nynorsken må no stå på barrikadane fram mot landsmøtet, held ho fram.

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

Ordførar i Aurland Noralv Distad skal sjølv delta på landsmøtet til våren. Han meiner det er naturleg for innbyggjarane å få svar frå staten på den målforma dei bruker.

– Eg trur at nynorsken vil overleva på grunn av sine eigne kvalitetar, og ikkje reguleringar. Men uansett synest eg det er god folkeskikk å svara på den målforma ein får spørsmål på, held han fram.

Bjørn Sandnes, ordførar i Haram, er skeptisk til forslaget til programkomiteen.

– Konsekvensen av dette vil bli at det blir mindre nynorsk, seier han.

Olve Grotle, ordførar i Førde, skriv i ein sms til Framtida.no at han meiner det framleis bør vera slik at ein har krav på å få svar frå styresmakter på si eiga målform.

– Ettersom dei sentral styresmaktene sit på Austlandet, og rekrutterer flest derifrå, vil ei endring av reglane føra til at nynorskbrukarane ikkje vil få svar på si målform, held Grotle fram. 

Kva trur du konsekvensen vil bli om programkomiteen til Høgre får gjennomslag?