– Mobbeskulane må bøteleggjast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lindboe trur at mobbearbeidet er betre enn det har vore før, men synest likevel at kunnskapsministeren sviktar i kampen mot mobbing, skriv TV 2.

Blant anna viser ei undersøking som er gjort i Ringerike kommune, at 90 prosent av elevane som blir mobba der, ikkje får hjelp på skulen.

– Vi veit at det er mange kommunar som enten aktivt eller passivt faktisk bryt lova, seier Lindboe.

LES OGSÅ: Her er landets første mobbeombod

– Når kommunen vel å ikkje ta ansvar – og det veit vi at skjer i mange tilfelle – så må nokon gå inn og sørgje for at nokon tar ansvaret. Det ansvaret er det Kristin Halvorsen som har, seier Lindboe.

Barneombodet meiner at fylkesmannen bør få rett til å bøteleggje skular som ikkje greier å rydde opp sjølve.

– Vi ønskjer at fylkesmannen skal ha ein meir aktiv rolle. Dei må kunne gå inn, følgje opp sakene og gi skulen pålegg, slik at sakene blir følgde opp. Dei må ikkje gi seg og avslutte saka før ho har fått ein lykkeleg slutt for eleven og familien, seier Lindboe. (©NPK)

Kva meiner du skal til for at fleire skal sleppa å bli mobba?