– Minoritetsborn vert fornorska i fosterheimar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Minoritetsborn som blir plassert i etnisk norske fosterheimar, mister identiteten, seier Arnstein Øyslebø, generalsekretær i Familiestiftelsen, til NRK.

– Det gjer at ein nærmast får ei fornorsking av innvandrarfamiliar. Vi reagerer sterkt på dette. Det går ikkje lang tid før borna byrjer å miste grepet om sitt eige morsmål.

Øyslebø meiner det kan føre til at det blir vanskeleg for borna å snakke med sine eigne foreldre, om foreldra ikkje beherskar norsk.

– I tillegg har vi dette med religion, og andre kulturtradisjonar. Ein mister rett og slett sin egen identitet, meiner Øyslebø.

Årsakene kan vere at det er få fosterheimar med minoritetsforeldre. Det er Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) som har ansvaret for å skaffe fosterfamiliar.

Regiondirektør Borghild Lekve i Bufetat vest seier til NRK at det er vanskeleg å finne dei riktige fosterfamiliane.

– Vi har ikkje prioritert nok å skaffe fosterheim med minoritetsbakgrunn. Det er faktisk ei utfordring å finne dei rette heimane.

Ho seier at erfaringar viser at det har vore meir krevjande å rekruttere fosterheim med minoritetsbakgrunn i forhold til andre heimar. (©NPK)