– Mindre til korps og speiding

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Barne- og ungdomsorganisasjonar var budsjettapar då statsbudsjettet vart lagt fram i oktober, og dette har forverra seg. Prognosen for overskotet til Norsk Tipping er nedjustert med 100 millionar kroner. Det er 100 millionar kroner mindre til lokal aktivitet som korps, idrettslag og speiding. Regjeringa berre sit passivt og ser på at dette skjer, seier leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Stian Seland i ei pressemelding etter at Solberg-regjeringa la fram sine forslag til endringar i statsbudsjettet.

I den nye regjeringserklæringa er ein av hovudsatsingane å styrkja dei økonomiske ordningane for frivillige organisasjonar.

– Dei kunne med enkle grep auka både Frifond og grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar, og dermed innfridd dei løfta dei har gjeve i regjeringserklæringa. Det er trist å sjå at frivilligheita, som er limet i sivilsamfunnet, blir oversett, seier Seland.

Regjeringa har sett av 1,5 millionar til ein utredning av rammevilkåra til dei frivillige organisasjonane.

– LNU har utgreidd dette sidan 2010, og frivillig sektor veit godt der skoen trykkjer. Det me treng no er ikkje fleire utgreiingar, men auka grunnstøtte og mindre rapportering og dokumentasjon. LNU har allereie nye ider og betre løysingar som regjeringa kan gjennomføra, seier Seland.

Seland set no lita si til at KrF og Venstre i forhandlingane i Stortinget følgjer opp dei tidlegare lovnadene sine og aukar løyvingane til dette feltet.

Les siste nytt om statsbudsjettet her!