Mindre til frivillige barn og unge

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane går ned med 1,2 prosentpoeng frå i fjor.

– Barne- og ungdomsorganisasjonane har hatt ein jamn vekst dei siste 10 åra. Me har fått fleire medlemmar, fleire lokallag og fleire organisasjonar. Grunnstøtta har vorte forsømt av regjeringa i fleire år, og ikkje vakse i takt med veksten i organisasjonane. Det tyder at fleire må dela den same kaka, seier leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Stian Seland.

Ei rekkje nye organisasjonar søkjer ordninga for første gongen, noko departementet har fått beskjed om. Når dei ikkje har tatt konsekvensane av dette og auka løyvingane til ordninga, vil dette føre til reelle kutt og nedgang i organisasjonane, heiter det i ei pressemelding frå LNU.

– Dette betyr eit dårlegare tilbod for born og unge over heile Noreg, med allereie pressa sentralledd som i ei årrekkje har hatt behov for ein auke i grunnstøtta, seier Seland.

Den påtroppande Solberg-regjeringa har forplikta seg til å styrkja dei økonomiske ordningane for frivillige organisasjonar. LNU forventar no at dei følgjer opp.