Min neste jobb

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg er ein blid, kreativ, utadvendt, samarbeidsoriert mann med variert bakgrunn og stor arbeidslyst. Eg liker problemløysing og elskar å møte nye menneske. Eg snakkar eit par språk flytande og eitt språk ikkje så veldig flytande. Og så kan eg bestille ting på spansk på ein god dag.

Eg har mykje erfaring i å snakke offentlig, noko eg trur er viktig for ein pave. Rettnok har eg sjeldan snakka til tusenvis av menneske på ein gong, og aldri på italiensk. Men det er eg villig til å jobbe med. I alle fall det med å snakke til tusenvis av menneske. Italiensk verkar ganske vanskelig. Latin kan eg heller ikkje. Men eg reknar då med at latin er på veg ut. Det får vere måte på.

Eg søker på jobben som pave fordi eg liker utfordringar. Eg liker også makt. Og fleire har sagt til meg på fest at eg kler høg hatt. Dessutan liker eg at folk ser opp til meg og gjer som eg seier, også når eg seier noko som er dumt. Og det gjer eg ganske ofte. Men altså aldri på italiensk eller latin.

Eg har alltid hatt lyst til å bu i Roma. Det verkar som ein vakker by. Og eg liker pasta. Og kanskje vil det med språket komme etter kvart når eg har fått nokre år på baken i den italienske hovudstaden?

Eg er i førtiåra. Eg er klar over at eg dermed eg seksti-sytti år yngre enn dei som vanligvis blir vurderte til denne stillinga, men håper og trur at det vil bli sett på som eit pluss. Her har den katolske kirka sjansen til å tenke litt utanfor boksen. Vere litt hårete. Eg trur det er viktig å vere hårete.

Også i meiningar, tankar, prioriteringar og livssyn står eg eit stykke frå dei tidligare pavane. Mange vil nok sjå det som eit problem at eg ikkje er katolikk, at eg aldri har vore det og at eg aldri har vurdert å bli det. Det er nok også mulig å bruke mot meg at eg har ein hang til heller umoden latterliggjering av religiøse leirarar. Eg held meg ikkje for god til å framstille dei som teikneseriefigurar som er litt for opptatte av seksuelt samkvem og hovudplagg. Sjølv om eg sjølvsagt veit at dei fleste religiøse leiarar er store tenkarar. Som er litt for opptatte av seksuelt samkvem og hovudplagg.

Eg håper og trur ikkje min manglande katolisisme og hang til barnslig latterliggjering blir brukt mot meg. Det er viktig å vise respekt for folks tru, og i eit moderne fleirreligiøst samfunn er det sentralt at ingen skal bli hindra i å leve ut draumane sine fordi dei har ei religiøs tru og insisterer på å ta konsekvensen av denne trua også i kvardagen og i arbeidslivet. Derfor vil eg sjå på det som grov diskriminering om eg blir hindra i å bli pave berre fordi eg ikkje er katolikk, og fordi eg trur sterkt på barnslig latterliggjering av religiøse leiarar. Om eg ikkje får jobben, kjem eg til å klage på diskriminering i media, og til alle ombod og instansar som finst.

I arbeidet mitt som pave kjem eg til å prioritere to ting: Ferie og dialog.

Ferie fordi det er fint å slappe av, møte andre menneske og hygge seg. Kanskje gå på pub av og til, og nynne med til eit eller anna med Rihanna som står på halvhøgt. Eg trur dei tidligare pavane har gjort for lite av det.

Eg vil også gå i dialog med leiarar for andre store religionar. I denne dialogen vil eg gå inn for at vi skal ta og roe oss litt ned no. Slappe av litt. Tøyse litt. Ikkje ta ting så tungt. La folk få finne ut av ting sjølv. Og ta meir ferie. Mykje meir ferie. Gjerne lange feriar.

Håper og trur på positiv respons. Og som sagt: Om eg ikkje får jobben, så kjem eg til å lage bråk.

Dette er ikkje meint som ein trussel. Det er meint som eit løfte.

Sjå på det på denne måten: Det kunne vore verre. Eg kunne vore dame også.

 

Først publisert 16. februar i Aftenposten.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!