Mest mobbing via Snapchat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga er ein del av Bruk Hue-kampanjen, som er eit samarbeid mellom Telenor, Medietilsynet, Røde Kors og Barnevakten, skriv VG. Snapchat er ein digital kommunikasjonskanal der bileta og meldingane som blir sende, slettar seg sjølve.

LES OGSÅ: Meir angst med digital mobbing

– Om Snapchat seier vi som med resten, bruk hovudet når du er på nettet. Tenk på kven du tar bilete av. Snapchat gjer jo at du kan ta bilete av kven som helst og sende det ut – er det kanskje nokon du burde spurt om lov før du deler? seier administrerande direktør Berit Svendsen i Telenor Norge til avisa.

I undersøkinga som Opinion og Norstat har gjennomført, svarar fire av ti elleve- og tolvåringar at dei opplever det å ikkje få såkalla «likes» – der venner aktivt viser at dei likar noko ein har publisert på sosiale medium – som mobbing.

31 prosent svarar at dei har fått meldingar på nett eller mobil som har vore sårande eller gjort dei sinte. Kvar tiande seier dei sjølve har sendt meldingar som har gjort andre trist eller sint. (©NPK)

LES OGSÅ: Nakenbilde og mobbing på Snapchat