Merkelige greier

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Media er i endring, som ein gjerne seier når ein ikkje har noko å seie men gjerne vil seie noko som verkar framtidsretta og ikkje er direkte feil.

Denne veka har vi fått eit par hint om korleis medie-framtida vil sjå ut. TV2 har kjøpt OL-rettar. Altså risikerer vi i framtida curling med reklameavbrot. Samtidig har NRK vist at det finst alternativ til å vise OL døgnet rundt. NRK har stor suksess med si verdensrekordlange direktesending frå Hurtigruta. Fem døgn med filming av utsikta frå Hurtigruta. Stort sett ukommentert. Stort sett utan avbrot og utan musikk, med unnatak av litt Grieg og litt Garbarek, sidan det blei vedtatt på sentralt hald for tretti år sidan at det alltid skal spelast Garbarek når ein viser bilde av norske fjordar og fjell.

Og folk ser på. Bortimot halvannan million var innom første kvelden og natta, om ein skal tru NRK, og det skal ein. Og folk kommenterer og chatter og tvitrar og følgjer programmet heime og på kontoret. Og kvifor skulle ikkje folk følgje med på denne sendinga? Ein får reise med Hurtigruta, utan å betale, utan å bli sjøsjuk og utan å måtte snakke med turistar. Det er ein vinn-vinn-vinn-vinn-situasjon.

Det er nok slike rare nisjeprogram som er framtida. Dei fleste av oss er, når det kjem til stykket, spesielt interesserte. Nisjekanalar grip om seg. Det finst eigne sportskanalar. Egne livsstilskanalar. Eigne shoppekanalar. Eigne mannekanalar, med krim og komiseriar om menn som ikkje vil gifte seg. Eigne kvinnekanalar, med reality og komiseriar om damer som vil gifte seg. Og TV2 Zebra.

Først vil vi nok få fleire nisjekanalar inspirerte av suksessen med Hurtigruta, med lange program der sjåarane kan vere med på andre folks ferieturar, men samtidig sleppe det utrivelige med å faktisk vere på ferie:
-Fjorten dagars samanhengande direktesending frå ein charter-tur til Kos, der du slepp turbulens på flyturen, der du slepp å bli solbrent, og der du kan sjå på fulle nordmenn utan å måtte snakke med dei.
-Ei vekes direktesending frå ein telttur i regn, utan at du blir våt.
-Direkteoverføring frå ein biltur med familien, der du berre kan skru av lyden når ungane skrik, bråkar, kranglar eller vil høyre på elendig musikk.

Ein grunn til at Hurtigrute-programmet slår slik an, er nok at mange har tenkt «Vi burde ha sett meir av Norge», «Vi burde ha reist litt meir langs kysten», «Vi burde ha tatt oss ein tur med Hurtigruta». Nokon kjem trulig til å ta konsekvensen av dette, og lage program som viser fram andre ting folk har tenkt at dei burde gjere:
-Tjuefire timars direktesending frå eit treningsstudio.
-Ein kanal som viser folk som tørkar støv, ryddar i boder, vaskar golv og sorterer bøker i alfabetisk rekkefølgje.
-Ein kanal som viser fotturar i fjellet.
-Ein kanal som filmar folk som besøker slektningar.

Og så vil alt det andre komme, alle dei andre nisjekanalane om merkelige ting som det viser seg at folk er interesserte i:

Treholt-kanalen. Harald Stabell, Harald Stanghelle og andre menn som slit med å komme seg vidare i livet, diskuterer taperestar, koffertar og svik tjuefire timar i døgnet.

Integreringskanalen. Ein forskar, ein statsråd og ein FrP-ar diskuterer integrering døgnet rundt utan å komme nokon veg.

TV2 Nyhetskanalen.

Dagsnytt atten-kanalen. Journalistkollegaer som er heilt enige om absolutt alt sitt rundt eit bord og snakkar om laust og fast døgnet rundt.

Krekar-kanalen. Kamera på mulla Krekars leilegheit tjuefire timar i døgnet, slik at alle kan følgje med på om han reiser frå Norge eller ikkje. Og så kan folk chatte:
11.29 Lillemeg: No går Krekar ut.
11.34 Pusur28: No kjem han tilbake. Skulle nok berre i butikken.
13.42 Lillemeg: Ingenting.
14.27 Lillemeg: Stadig ingenting.
15.13 Lillemeg: Ingenting.
17.22 Pusur28: No skjer det noko. Nokon opnar utgangsdøra.
17.24 Lillemeg: Var berre ein nabo.
17.25 Pusur28: Nokon som veit kven naboen er?
17.26 Harald9: Faen. Var det ein nabo som gjekk ut? Fekk det ikkje med meg. Satt og såg
på Treholt-kanalen.
17.27 Pusur28: Skjer det noko spennande på Treholt-kanalen då?
17.28 Harald9: Heile tida. Eg er heilt hekta. Kjem til å få abstinensar i ferien.
17.29 Pusur28: Kvar skal du på ferie?
17.31 Harald9: Vi har leigd ei hytte i Danmark, der vi kan følgje dansk fjernsyns
døgnkontinuerlige direktesending frå ein rorbuferie i Lofoten.
17.34 Pusur28: Er det sant? Vi skal til Berlin og følgje tysk fjernsyns overføring frå denne
hytta i Danmark.
17.35 Harald9: Næh! Men då sjåast vi jo då.

Denne kommentaren stod først på trykk i Aftenposten 18. juni.