– Mektig imponert

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er årets UKM- kommune

Gutane frå Gatas Parlament meiner at rap kan lærast, difor hadde dei ein workshop for dei unge rappespirene under UKM-festivalen. Etterpå fekk dei unge talenta prøva seg med nokre beats.

– Det var for bra! Dette er jo eliten! Me blir litt nervøse for vår eigen karriere på grunn av alle talenta her, seier gutane til UKM.no. Difor møtte dei med glede opp for å hjelpa unge rapp-talent eit stykke vidare.

Det beste rådet dei har å gje er å knyte mange kontaktar:

– For å bli stor er det viktig å ikkje dra opp stigen, men trekk kvarandre opp. Ein blir flinkare av å samarbeida og konkurrera med kvarandre, meiner gutane. Dei synest òg det er viktig at alle står på og jobbar no.

Spel masse konsertar og gje ut musikken, sjølv om du så må brenna han heime, seier dei.

Ingen talentiade
UKM-festivalen byrja laurdag. I løpet av tre dagar har fleire hundre ungdommar fått visa kva dei er gode.

– Flest er det innanfor dans og song, men det er mange andre andre kulturuttrykk representert, seier presseansvarleg for festivalen Christer Olden. Han understrekar at UKM ikkje er nokon talentkonkurranse.

– UKM er ein arena der deltakarane skal få tryggleik kring det dei vil visa fram.

Årets UKM-kommune
Måndag blei prisen for Årets UKM-kommune delt ut til Sandnes og Marnadal. Dei har utmerka seg i eige fylke gjennom særleg satsing på UKM i 2011. Sandnes og Marnadal er kjenneteikna av eit medvite arbeid for å forankra, stimulera og synleggjera ungdomskultur, står det i konklusjonen til juryen.