Meir ungdomsmakt i kommunane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir ungdomsmakt

– Det er bra at stadig fleire kommunar legg til rette for medverknad frå dei unge. Men vi er ikkje i mål før alle kommunane har etablert slike ordningar. Dei få som framleis ikkje har innført ungdomsrepresentasjon må gjere det, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Enno er det likevel berre 11 fylke som har medverknadsorgan for barn og unge.

LES OGSÅ: Slik påverkar du kommunen din

– Eg er oppteken av at forskjellege aldersgrupper er representerte i kommunale råd og utval.  Unge kjenner unge best. Difor er det viktig at dei får medverke i saker som gjeld dei sjølve, seier Navarsete.

I ein rapport laga av Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) tidlegare år, viser det seg at fleire fylkeskommunar manglar oversikt over korleis ungdom kan involverst.

– Dei har heller ingen tydeleg politikk på dette området og ser difor ikkje korleis ungdomsinvolvering kan utgjera ein ressurs i politikkutforming for fylkespolitikarar og fagfolk, sa Guri Mette Vestby ved NIBR.

LES OGSÅ: Greier ikkje å involvera unge

Frå Ungdomens Bystyremøte i fjor. Den gongen var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete med på opninga. FOTO: KRD